Hopp til innhold

Åtvarar mot «sjokksoling» i påska: – Eg blir eigentleg berre raud

– Sjokksoling i Syden etter ein lang vinter i Noreg er veldig skadeleg, åtvarar Kreftforeningen. Også her heime blir folk oppfordra til å vere ekstra varsame i år.

Nora Ellegård Berge og Josefine Bergum går begge på Skien videregående skole. De tok matpausen i sola.

GODT FØREBUDD: Nora Ellegård Berge og Josefine Bergum er opptatt av å verne seg mot sola.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

GODT FØREBUDD: Nora Ellegård Berge og Josefine Bergum er opptatt av å verne seg mot sola.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Årets påske kjem tidleg, men store snømengder fleire stader i landet gjer at du likevel kan bli både solbrent og snøblind viss du er ute i sola.

– Gammal snø kan auke solstrålinga med 50 prosent, mens nysnø faktisk kan auke strålinga med over 80 prosent, seier Lill Tove Nilsen.

Lill Tove Nilsen, Fagdirektør i DSA

Lill Tove Nilsen, Fagdirektør i DSA.

Foto: DSA

Ho er fagdirektør i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

– Det kjem av at snøen spreier og reflekterer solstrålane veldig effektivt.

Bruker du solkrem?

Dei oppfordrar også folk til å ta forholdsreglar før dei legg ut på skitur i påskefjellet.

– Vi anbefaler å følge med på UV-varselet, og at ein vernar seg med solkrem og med solbriller som dekker godt for stråling som kjem inn frå sidene, seier ho i ei pressemelding.

Les også Økning i føflekkreft: – Du må ikke bli lurt av en høy solfaktor

Solkrem

Følger nøye med

Utanfor Skien vidaregåande skole treffer NRK Nora Ellegård Berge (17) og Josefine Bergum (16).

Jentene tar matpausen i sola, men forsikrar oss om at dei tar stråling på alvor.

Nora Ellegård Berge og Josefine Bergum går begge på Skien videregående skole. De tok matpausen i sola.

Nora Ellegård Berge og Josefine Bergum går begge på Skien vidaregåande skole. Dei tar stråling på alvor.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

– Først og fremst på grunn av faren for kreft, seier Bergum.

For sjølv om det er freistande å sleppe til sola litt ekstra for å få farge, vel ho å smørje seg godt.

– Eg blir eigentleg berre raud om eg droppar solkrem, ler ho.

Berge er også tidleg ute med tuben når sola dukkar opp.

Ho har også ein eigen app på telefonen der ho kan følge med på UV-indeksen.

– Eg ser mest på han for moro skuld. Eg prøver å smørje meg uansett, men det freistar nok av og til å droppe solkrem, innrømmer ho.

Nora Ellegård Berge.

Nora Ellegård Berge nyt sola, men passar på så ho ikkje blir brent.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

UV-indeksen kan sjekkast på NILUs UV-teneste her.

Der finn du UV-kart for heile verda, og du kan søke på kjente stadnamn og byar. Eit eige UVI – Noregskart finst her.

Desse karta er baserte på UVI-berekningar der daglege snødata frå NVE er inkluderte.

UV-indeksen kan også sjekkast i Yr-appen og på yr.no, under fanen «Andre varslar».

– Kva er den viktigaste årsaka til at du vernar deg?

– Eg vil ikkje ha rynker eller hudkreft, seier Berge.

Kan vere svært skadeleg

I Sør-Noreg, særleg i fjellområde med nysnø, kan UV-indeksen komme opp mot 4 i påska.

Solkrem

Solkrem har aldri vore viktigare, meiner Kreftforeningen.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Reiser du til meir solrike land i påska, er UV-strålinga langt sterkare.

I Spania og Hellas kan indeksen komme opp mot 6 og 7 i mars-april. Det betyr sterk UV og høg risiko for å bli solbrent.

– Sjokksoling i Syden etter ein lang vinter i Noreg er veldig skadeleg, åtvarar Ingrid Stenstadvold Ross. Ho er generalsekretær i Kreftforeningen.

Ingrid Stenstadvold Ross, leder i Kreftforeningen.

Ingrid Stenstadvold Ross, leiar i Kreftforeningen.

Foto: Jorunn Valle Nilsen / Jorunn Valle Nilsen

– Huda gløymer ikkje, og jo fleire gonger ein blir solbrent, jo større blir risikoen for å utvikle hudkreft, seier ho.