Hopp til innhold

Glad Tjøme-saken er over

Ordførar Jon Sanness Andersen i Færder kommune seier han er glad Tjøme-saka er ferdig i rettssystemet.

– Me skal heller ikkje gløyma at det er menneskelege sider her. Så det er bra at saka er ute av verda, seier Sannes Andersen til NRK.

Høgsterett sitt ankeutval har avvist anken frå arkitekt Rune Breili og tidlegare byggjesakleiar Harald Svendsen i Tjøme kommune.

Dermed blir dommen i lagmannsretten ståande der dei vart dømde til høvesvis ni og 11 månaders fengsel for grov korrupsjon.

Breili teikna eit hus gratis for Svendsen, samtidig som Svendsen behandla byggjesøknadene til arkitekten.