– Kvar bit av Europa må forsvarast, sa Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj på det nordiske toppmøtet i Helsingfors i ettermiddag.
Det er Finlands president Sauli Niinistö som har invitert dei nordiske landa og Ukraina til toppmøtet.
Zelenskyj starta med å takke for den militære og økonomiske støtta frå dei nordiske landa.
– Den norske pengestøtta viser verda kva det betyr å verdsette fred, sa han til Jonas Gahr Støre
Når det er Støres tur til å tale, startar han med å kalle Zelenskyj-besøket for rørande og historisk.
For det andre, seier han:
– Så må denne krigen ta slutt – og det er angriparen som må avslutte han.
– Og når freden kjem, må det vere på premissane til landet som har blitt angripe, legger han til.
Det viktigaste er å vere ei stabil støtte
– I dag skal vi oppdatere korleis kvart land kan hjelpe Ukraina. For Noregs del handlar det om presiseringar i Nansen-programmet, kor vi har forplikta oss til å gi 75 milliardar over fem år, seier Støre til NRK før pressekonferansen.
På spørsmål om det vil vere aktuelt å utvide støtta, svarer han:
– Det viktige er, ifølge Zelenskyj, at vi står ved dei over tid. Vi har forplikta oss på Stortinget til å støtte Ukraina i fem år. Det er eit signal det norske demokratiet kan vere stolt av.
Elles skal Støre og Zelenskyj følge opp samtalane dei har hatt det siste året. Eit viktig bidrag frå Noreg er luftvern.
– Det er med på å redde liv i ukrainske byar kvar veke, seier Støre
Statsleiarane skal også få høyre korleis Ukraina ser for seg kampen framover og deira syn på situasjonen.
Danmarks statsminister Mette Frederiksen er også tydeleg i landets støtte til Ukraina.
– Vi støttar Ukrainas fridomskamp, så lenge den varer. Vi viker ikkje får løfta våre om å hjelpe Ukraina, seier Frederiksen.
Støre har tidlegare i år sagt at Noreg ønsker å trappe opp støtta til Ukraina.
– I fjor gav vi over 10 milliardar kroner i sivil og militær støtte til Ukraina. No trappar vi opp denne støtta, sa Støre.
Også Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir er med på toppmøtet.
Hemmeleghald
Detaljane rundt presidentens besøk i Finland har vore hemmeleg.
Zelenskyj har avgrensa sine utanlandsreiser betrakteleg etter den fullskala invasjonen av Ukraina i fjor. Tidlegare har han besøkt Polen, Frankrike, Belgia, Storbritannia og USA.
I førre veke møtte den ukrainske presidenten ei lita gruppe journalistar frå dei nordiske landa. Der var han tydeleg på at nordisk støtte er avgjerande i krigen.
På spørsmål frå NRK om han meiner Noreg har eit særskilt ansvar for å støtte Ukraina fordi Noreg har tent mykje pengar på høge energiprisar som følge av krigen, svarte Zelenskyj slik:
– Det er veldig vanskeleg å seie. Eg tenker ikkje på den måten. Noreg støttar vår posisjon, støttar med våpen og med pengar. Har landet tent meir, så har dei gjort det. Det gjer det også mogleg å støtte oss meir. Eg er svært takksam for den norske støtta.
Om eit eventuelt Nato-medlemskap sa han dette til NRK:
– Dette er ei felles avgjerd i Nato. Eg trur at dersom avgjerda om medlemskap var avhengig av Stoltenberg åleine, ville Ukraina vore med i Nato.
Krigen i Ukraina har hatt følger for Norden. 4. april i år blei Finland formelt medlem av Nato.
NRK kunne også melde at det i kulissene på Nato-toppmøtet i april blei arbeidd med å få Ukraina inn i forsvarsalliansen.