Hopp til innhold

Selde kylling på gata – i dag blei han president

Gateseljar, evangelisk kristen, mistenkt for brot på menneskerettane, og no president. Mykje kan seiast om mannen som har nådd heilt til topps i Aust-Afrikas største økonomi.

William Ruto løfter eit sverd under innsettinga av ny president i Kenya. Til venstre står utgåande president Uhuru Kenyatta.

Eit sverd var ein av fleire rekvisittar som vart brukt under seremonien der William Ruto (til høgre) tok over presidentjobben etter Uhuru Kenyatta (til venstre).

Foto: TONY KARUMBA / AFP

Allereie klokka fem om morgonen var Kasarani stadion i Nairobi fylt opp. Politiet bad folk om å halde seg heime og heller følge dagens store happening via TV-en.

I dag er dagen der William Ruto skal bli teken i eid som Kenyas neste president. Statsleiarar frå rundt 20 land hadde kome til Nairobi for å vere med på seremonien.

Frå tiltalebenk til presidentbustad

President Ruto er ein omstridd type. Han har lang politisk erfaring, er ein av Kenyas fremste forretningsmenn, men har også fått kasta alvorlege skuldingar mot seg.

– Det som blir viktig er at han klarer å bli ein representant for heile landet, og klarer å mobilisere på tvers av etnisitet, seier den kenyanske analytikaren John Gachie til NRK.

Les også Ruto kåra til valvinnar i Kenya – harde skuldingar om valjuks

William Ruto vinker til sine tilhengarar.

For William Ruto er det nokre ekstra utfordringar i så måte. For Rutos politiske historie inneheld mellom anna eit mørkt kapittel frå 2007.

Sjølv om Ruto og Raila Odinga var motstandarar ved årets val, så samarbeida dei i 2007. Odinga var presidentkandidat, og Ruto var hans visepresidentkandidat. Deira kampanje enda med tap i 2007

Mange meiner dei tapte på grunn av omfattande valjuks, og desse påstandane førte til vald, og spesielt mellom ulike etniske grupper som støtta ulike presidentkandidatar.

Over 1000 menneske vart drepne, og etter at ting hadde roa seg ned vart Ruto skulda for å ha skaffa våpen, finansiert og koordinert grupper som utførte dødeleg vald.

William Ruto på tiltalebanken i Den internasjonale straffedomstolen

William Ruto hamna på tiltalebenken i Haag for si rolle under den politiske uroa i 2007.

Foto: MICHAEL KOOREN / Reuters

Trur landet har gått vidare

Dei alvorlege skuldingane førte til at han måtte stille for retten i Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Men av uvisse grunnar falt plutseleg fleire sentrale vitne frå, og saka vart sett på vent på grunn av mangelen på vitne.

Analytikar John Gachie, som har bakgrunn som utanriksredaktør i Kenyas største avis, Daily Nation, trur den gamle rettssaka kanskje vil hefte Ruto mest utanfor Kenya, enn i heimlandet.

– Eg trur landet på mange vis har klart å gå vidare. Internasjonalt vil han nok møte fleire som vil løfte fram den saka, men det er nok få land som vil tale for at saka bør opp igjen i rettssystemet no som han har blitt president, trur Gachie.

Ruto har mange tilhengjarar.

William ruto har støtte frå cirka halvparten av det kenyanske folk. Valresultatet var jamnare enn nokon gong før.

Foto: LUIS TATO / AFP

Men sjølv om akkurat det som skjedde i 2007 på mange vis er eit tilbakelagd kapittel, så seier den kenyanske analytikaren at problemet med etniske skiljelinjer framleis er blant Rutos største utfordringar.

– Seremonien i dag, der den nye presidenten vart utnemnt, gjekk fint for seg og var ein god start. Det store spørsmålet no er kven han vil utnemne til ministrar i regjeringa si, seier Gachie.

Analytikaren meiner at nettopp utnemninga av ministrar er den første store sjansen som Ruto har til å vise at han faktisk ønskjer å skape sameining og samarbeid på tvers av heile Kenya.

Ber Kenyas folk om å jobbe hardt

Nettopp det å skape meir samhald har vore eit poeng for Ruto i tida etter valsigeren. Han har forsøkt å stå fram som ein samlande leiar, og sagt at han vil vere president for alle kenyanarar.

Han har også sagt at Kenya no treng alle mann på dekk. Og det seier den ferske presidenten vel vitande om kva økonomiske utfordringar Kenya står framfor.

– Eg ønskjer å be Kenyas folk om å jobbe hardt i tida som ligg framfor oss. Me har ikkje noko anna val, sa den heilt ferske visepresidenten, Rigathi Gachagua, under dagens seremoni der han og president Ruto tok over leiarskapet i Kenya.

– Sanninga er at me har arva ein økonomi som ligg i ruinar, og me står nesten framfor ein total nedstenging av økonomien, sa visepresidenten, og la dermed mykje skuld på regjeringa til utgåande president Uhuru Kenyatta.

Sjølv starta han med å selje kylling ved eit togstopp ved barndomsheimen, før han skapa seg ein enorm formue som forretningsmann.

Les også Kenyas evige nummer to – Odinga vart nummer to også i år

Raila Odinga står på ein scene inne på ein stadion og taler. Det kenyanske flagget vaier bak han.

Enorm statsgjeld skaper problem

Som dei fleste kenyanarar er også analytikar John Gachie uroa over at økonomien er såpass dårleg. Gachie fryktar kanskje den nye presidenten har lova veljarane for mykje.

– For å seie det som det er: Den nye presidenten balanserer på ei veldig stram line om han skal både halde det han har lova folket, og samtidig takle situasjonen slik den er på bakken, seier Gachie.

Ruto har hatt fleire store og viktige lovnader som har gitt gjenklang blant folk, og som har vore med på å sikre han ein knapp siger i eit veldig tett val. Spesielt er det hans tankegang om å bygge økonomien nedanfrå og opp som har fått mest merksemd.

Nairobi Expressway

Ein fin motorveg opna nyleg i Nairobi. Men den har hatt sin pris, og er ein av mange grunnar til at Kenyas gjeld har auka dei siste åra.

Foto: THOMAS MUKOYA / Reuters

Den nye presidenten vil ha ein såkalla «bottom-up»-økonomi der det blir satsa på å skape mange småjobbar i primærnæringane, som igjen vil få fleire ut i arbeid, og styrke økonomien frå botnen av. Men utfordringane er mange.

– Sjølv om Kenya er den sterkaste økonomien i Aust-Afrika, så er landet i ein kritisk gjeldssituasjon. Ruto har sagt at han vil forsøke å få ned prisen på basisvarer, men samtidig seier Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken at Kenya må kutte i subsidiar på olje, gass og andre varer om dei skal få hjelp, seier Gachie.

Gjeldsproblemet har nesten tredobla seg på under ti år. Tal frå sentralbanken i Kenya viser at landet, under førre regjering, har gått frå cirka 243 milliardar kroner i gjeld i 2013, til rundt 700 milliardar kroner i fjor.

Vegar og jernbane er bygd, men mange av investeringane har altså skapt gjeld, og når det i tillegg er ein inflasjon i verda, så veit dei fleste i Kenya at økonomien blir stram framover.

Pressefridomen under press?

Eit siste punkt som Gachie trekk fram, og som kan endre seg under Ruto, er fridomen til media og organisasjonsliv. Gachie har gode kontaktar i Kenyas mediebransje, og der merker han at fleire er urolege.

– Mange i mediebransjen er urolege. Det er nokre teikn som tyder på at enkelte av dei som no har fått mykje makt er ganske opprørte og sinte på media, seier Gachie.

Ruto har på si side sagt at journalistar og andre ikkje skal frykte noko, og at han synest pressefridom er både viktig og riktig. Men media kan fort få kritikk frå den nye statssjefen.

– Når eg kritiserer media, så er det fordi eg har trua på media, og eg vil at dei skal gjere dei riktige tinga, sa Ruto til TV-kanalen KBC for nokre veker sidan.

Hei

Jambo!

Du må gjerne lese meir. For eksempel om nokre av dei mange millionane av sudanarar som akkurat no er på flukt. Eg møtte nokre av dei som har reist til Sør-Sudan, verdas minst utvikla land.

Har du fått med deg alle kuppa i fransktalande Afrika? Kvifor er det eigentleg slik?

Og om du likar å høyre på podkast: Høyr på Oppdatert. Kvifor eksploderte krigen i Sudan? Kven er Burkina Fasos folkehelt, Thomas Sankara, og kvifor er han aktuell 36 år etter sin død? Kva er grunnen til at fredfulle Mali i løpet av ti år endra seg til eit sentrum for terror?

SISTE NYTT

Siste nytt