Hopp til innhold

Ruto kåra til valvinnar i Kenya – harde skuldingar om valjuks

William Ruto er kåra til vinnar av det kenyanske presidentvalet. Motkandidat Raila Odinga boikotta kunngjeringa av resultatet, og bestrider resultatet. Også i landets valkommisjon er det full splid.

William Ruto vinker til sine tilhengarar.

William Ruto er ein av Kenyas rikaste mann, og er no president i Kenya.

Foto: MARCO LONGARI / AFP

William Ruto fekk 50,49 prosent av stemmene, mens Raila Odinga fekk 48,8 prosent av stemmene.

– Kenyas folk, og dei 14 millionane som møtte opp for å stemme, er dei ekte vinnarane, sa William Ruto i sin sigerstale, før han skrøyt av valkommisjonens arbeid og kommisjonens leiar.

– Alt du treng er ein enkel kalkulator, også har du resultatet, sa Ruto som eit slags tilsvar til påstandane om valjuks.

Ruto takka sin motstandar Raila Odinga, og også utgåande president Uhuru Kenyatta. Både Odinga og Kenyatta har vore Ruto sine motstandarar i dette valet, men tidlegare har begge to også vore Ruto sine samarbeidspartnarar.

Folk ventar på valresultatet i Eldoret

I Eldoret venta folk spent på resultatet av Kenyas presidentval.

Foto: Brian Inganga / AP

Odingas team med påstandar om juks

Mannen som fekk skryt av Ruto er Wafula Chebukati, leiar av landets valkommisjon, som i dag utnevnte William Ruto til valets vinnar. Det er ikkje behov for ein andre valrunde når Ruto fekk meir enn 50 prosent av stemmene.

Før utnemninga vart det halde ei bøn om at Kenya skal halde seg fredeleg etter at resultatet er kjent. Landet har ei historie med vald knytt til politiske val, og dette valet er både jamt og omstridd.

– Eit resultat som ikkje er mogleg å verifisere, er ikkje verifisert, seier Saitabao Ole Kanchory til Citizen TV.

Han er leiar av Raila Odingas parti Azimio og han kravde å sjå og godkjenne valresultatet for at Odinga skulle møte opp i lokalet der valresultatet skulle kunngjerast.

Kanchory la fram klare skuldingar om valjuks. Intervjulyden vart kutta fleire gonger og til tider erstatta med musikk. Påstandane er ikkje kommenterte av nokon andre, og det vart heller ikkje lagd fram konkrete bevis for påstandane.

– Me har informasjon om at stemmesystema er hacka, og at nokre av valkommisjonens medarbeidarar har utført valjuks, sa Kanchory til TV-kanalen.

Citizen TV sin reporter på staden seier at det har blitt brukt vald på utsida av bygget kor kunngjeringa skal skje, og fleire av dei som hadde møtt opp har reist frå staden før kunngjeringa har skjedd. Det er også vist bilete av valdsbruk inne i lokalet der resultatet blei lagt fram.

Raila Odinga vert hylla av sine tilhengjarar.

Raila Odinga sitt valkampteam meiner det har skjedd juks ved det kenyanske valet.

Foto: Mosa'ab Elshamy / AP

Splitta valkommisjon

Rett etter påstandane frå Odingas valkampteam haldt visepresidenten i Kenyas valkommisjon ein pressekonferanse på eit hotell eit stykke unna der ho eigentleg skulle vere for å vere med på kunngjeringa av resultatet.

På pressekonferansen sa ho at ho, og tre andre i valkommisjonen, tek avstand frå resultatet. Dermed er valkommisjonen i Kenya splitta i synet på valresultatet.

– Den måten som denne prosessen har skjedd må adresserast. Me kan ikkje ta eigarskap til resultatet som kjem til å bli offentleggjort. Men det finst ei open dør, der folk kan ta resultatet til retten. Så difor ber me kenyanar om å halde seg fredfulle. Rettsstaten vil vinne til slutt, sa Juliana Cherera.

Ho var ikkje villig til å ta mot spørsmål, og gjekk ikkje i detaljar om kva usemja handla om.

Også leiar av valkommisjonen, Wafula Chebukati, fortel om uregelmessige hendingar. Om valmedarbeidarar som har forsvunne frå vallokala kor dei skulle halde vakt. Og om valmedarbeidarar som har blitt arresterte av politiet, utan grunn. Men i motsetnad til Cherera, så stiller han seg bak resultatet.

William Ruto møtte tidleg opp ved Bomas of Kenya, der valresultatet vart kunngjort, men hans motkandidat, Raila Odinga, møtte aldri opp.

William Ruto har mange tilhengjarar.

William Ruto har gjort eit betre val enn kva meiningsmålingane antyda i forkant av valet.

Foto: SIMON MAINA / AFP

Mange utfordringar ventar

Samtidig som Odingas støttespelarar kjem med påstandar om valjuks på utsida av vallokala, så stod støttespelarane til William Ruto inne i lokalet der kunngjeringa skulle skje og smila, lo og dansa til lyden av korsong. Sannsynlegvis visste dei allereie kva veg det gjekk.

I den same salen hadde også diplomatar frå heile verda og Kenyas toppolitikarar samla seg.

Les også Kenyas evige nummer to kan gå til topps

Raila Odinga står på ein scene inne på ein stadion og taler. Det kenyanske flagget vaier bak han.

Oppteljinga har vore veldig tett, og fram til dagens kunngjering har det ikkje vore mogleg å antyde kven som ville gå sigrande ut av valet.

Som president i Kenya får William Ruto fleire store utfordringar:

  • Kenya har hatt ei kraftig auke i statsgjeld og arbeidsløyse.
  • Den pågåande inflasjonen i verda påverkar mange kenyanarar som slit med å ha nok pengar til mat og naudsynte varer.
  • Det er ei omfattande tørke i delar av landet akkurat no.

– Eg er fullt klar over at Kenya er i ein situasjon, der det er «alle mann på dekk», sa Ruto i sin sigerstale.

I Kisumu var Odingas tilhengjarar klare for å få vite resultatet.

I Kisumu var mange samla for å få vite valresultatet. Her har Odinga mange av sine støttespelarar.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

Vore borti omstridde val også tidlegare

Dette valet var den femte gongen Raila Odinga forsøkte å bli president i Kenya. 77-åringen har også tidlegare vore innblanda i fleire presidentval der han meiner at han har tapt på grunn av juks.

I 2007 førte slike skuldingar til omfattande vald, og ved førre presidentval i 2017 vann Raila Odinga gjennom med sine klager.

Resultatet vart annullert i 2017, men Odinga boikotta den nye valrunden fordi han meinte valkommisjonen ikkje fungerte godt nok til å kunne garantere eit fritt val.

Les også Trodde du det norske valget var dramatisk? Les historien om valggrøsseren i Kenya

Kenya Elections

Fleire ferske påstandar om juks

Sjølv om internasjonale valobservatørar i stor grad har sagt at valet har gått riktig for seg, så har det også tidlegare vore skuldingar om valjuks den siste veka.

Generalsekretær for Jubilee Party, som er partiet til utgåande president Uhuru Kenyatta, og partiet som har stilt seg bak Raila Odinga, har sagt at det har skjedd omfattande juks. Det skriv Reuters. Dei rettar peikefingeren mot William Ruto sin leir.

Generalsekretær i partiet, Jeremiah Kioni, at det har gått føre seg «massiv valrigging» og at valet heilt klart var «kompromittert».

Les også Hun gruer seg til valget i Kenya

Phaustine Wekesa gruer seg til valget i Kenya

Kioni meiner det er juksa ved å bestikke veljarar, påverke veljarar i vallokala, drive valkamp i vallokalet, og feil bruk av valmateriell.

Det er ikkje lagd fram noko bevis for dette, og skuldingane kom først fleire dagar etter valdagen, då resultata var i ferd med å bli publisert offentleg.

Det er spesielt resultata i regionen Central Kenya som har ført til påstandar om juks. Dette er eit område kor utgåande president Uhuru Kenyatta tidlegare har gjort det sterkt, og kor William Ruto har gjort det overraskande bra dette valet.

Vil du lese meir om dei to kandidatane, kvifor Kenya har ei forhistorie med valuro og kva utfordringar som ventar vinnaren i eit Kenya som opplever inflasjon, auka statsgjeld og tørke. Les meir her.