NRK Meny
Normal

Kraftig mesling-epidemi og vaksine-frykt rir Wales

Vaksinasjonskøane veks seg stadig lengre etter eit kraftig mesling-utbrot i Wales. Det ekstremt smittsame viruset var nær utrydda i vesten, før ein skandale-lege hevda at born kunne utvikla autisme av vaksina.

Vaksinasjonskøane veks seg stadig lengre etter eit kraftig mesling-utbrot i Wales. På kort tid har 620 personar fått påvist meslingar i Wales. Epidemien er allereie den verste som har råka landet på over ti år, og viser ikkje teikn til å ha nådd toppen enda.

Førekomsten av barnesjukdomen meslingar skaut i vêret i Storbritannia i perioden 1998-2008. Svært mange foreldre unnlét å vaksinera ungane sine etter at ein forskar feilaktig hevda vaksinering kunne føra til autisme. Først no, femten år etterpå er skepsisen i ferd med å forsvinna.

På kort tid har 620 personar fått påvist meslingar i Wales. Epidemien er allereie den verste som har råka landet på over ti år, og viser ikkje teikn til å ha nådd toppen enda.

Laurdag blei det sett over 1700 MMR-vaksiner ved sjukehus i dei områda i landet der smitteutbrotet er kraftigast, men framleis er mange tusen walisiske ungar utan vaksine mot det potensielt dødelege viruset.

– Det er alarmerande kor mange tilfelle av meslingar som er påvist og korleis viruset held fram med å spreia seg. Det er livsviktig at foreldre får borna sine vaksinerte, seier legen Marion Lyons i det walisiske helsevesenet til nettavisa Wales Online.

Det omvendte, at det er livsfarleg å gje borna mesling-vaksina, har i mange år vore oppfatninga blant mange britiske foreldre.

Løgn og bedrag frå éin lege skulle gje helsestyresmaktene i fleire delar av verda eit kraftig tilbakeslag i kampen mot barnesjukdomen.

Fabrikkerte samanheng mellom vaksine og autisme

Rundt tusenårsskiftet skapa kirurgen og forskaren Andrew Wakefield frykt og intens debatt då han påstod å ha funne ein samanheng mellom den vanlege MMR-vaksina småborn får mot meslingar og autisme.

I 2010 blei mesling-forskinga til Wakefield diskreditert etter at det kom fram nye bevis som viste at arbeidet hans var ei rein forfalsking, og at Wakefield hadde økonomiske motiv for å påvisa ein samanheng. Wakefield sjølv blei fråteken autorisasjonen til å arbeida som lege.

Men skepsisen mot mesling-vaksina rekte å slå kraftige røter i løpet av dei 12 åra det tok frå studien først kom på trykk i det prestisjetunge medisinske fagbladet The Lancet, fram til juksemakaren blei avslørt.

I mange land unnlét redde foreldre å vaksinera borna sine mot det potensielt dødelege mesling-viruset. I Storbritannia fekk det store konsekvensar.

Frå 56 til 1400 tilfelle

Macsen Scott-Ambler is given an MMR injection

Sju månader gamle Macsen Scott-Ambler får MMR-vaksine mot barnesjukdomen meslingar på eit sjukehus i Swansea, Wales. Foreldre-skepsisen til vaksina ser no ut til å avta.

Foto: REBECCA NADEN / Reuters

På slutten av 1990-talet var mesling-viruset nemleg godt på veg til å bli utrydda i vestlege delar av verda.

Storbritannia hadde klart å redusera det årlege talet på mesling-smitta frå ein halv million, før MMR-vaksina først blei teken i bruk i 1988, til berre 56 tilfelle i 1998 - året då Wakefield lanserte sin studie.

Ti år seinare, i 2008, hadde talet skotet i veret igjen og var oppe i 1400. I tillegg var det no rekordfå britar som takka ja til vaksine.

Byen Swansea i sørlege Wales er ein av stadene der vaksina blei stempla som skadeleg. Vaksinasjonskøane under epidemien som no herjar, kan vitna om at denne skepsisen er i ferd med å snu.

– Me begynner no å sjå at foreldre kjem til sjukehusa med ubeskytta born for at dei skal få vaksine. Det viser at dei tek dette utbrotet alvorleg og at dei har tillit til vaksina som den beste måten å verna om ungane sine på, seier dokteren Marion Lyons til Wales Online.

150. 000 dødsfall årleg

Årleg døyr om lag 150. 000 menneske av meslingar - fleirtalet av dei er born, ifølgje Verdas Helseorganisasjon (WHO).

Sukdomen er svært smittsam, og viruset smittar gjennom lufta. Inkubasjonstida – tida frå smitte til sjukdom – er rundt ti døgn.

I tillegg til utslett og høg feber, svekkjer meslingar immunforsvaret og kan dermed føra til kompliserte infeksjonar som øyre-, lunge- og hjernebetennelse.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er det tre hovudårsaker til at foreldre ikkje vaksinerer ungane sine:

  • Dei meiner det er samanheng mellom vaksine og autisme
  • Dei meiner det er sunnare å få meslingar enn å vaksinera seg (antroposofiske miljø)
  • Dei er likegyldige fordi dei ikkje har eit forhold til meslingar og ikkje oppfattar smitten som eit problem.

WHO har som mål at meslingar skal vera utrydda i Europa innan 2015, ved hjelp av vaksineringsprogram.

I Noreg blir born vaksinerte mot meslingar to gonger i løpet av livet, først når dei er rundt 15 månader gamle, og deretter på nytt i sjette klasse.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt