Hopp til innhold

VW-skandalen har ikkje påverka bruktbilprisen

Eit selskap som har overvaka bruktbilsalet i 30 europeiske land dei siste tre vekene, slår fast at utsleppsskandalen ikkje har ført til prisfall på dieselbilar frå Volkswagen-konsernet.

Volkswagen-anlegg i Milano i Italia

Prisen på bruke dieselbilar frå Volkswagen-konsernet har ikkje gått ned etter utsleppsskandalen, viser ei fersk undersøking.

Foto: Luca Bruno / Ap

EurotaxGlass's AG opplyser til Reuters at dei har sjekka bruktbilprisane på Volkswagen sine dieselbilar i perioden 17. september til 9. oktober i 30 land, og at det ikkje er snakk om eit verdifall. Selskapet seier likevel at det kan skje forandringar seinare på året.

– Det er ikkje noko som tyder på at prisane på dieselbilane til Volkswagen-konsernet sine modellar har gått ned, seier toppsjefen i det Sveits-baserte selskapet EurotaxGlass's AG, Christof Engelskirchen.

Dieselgate

Undersøkinga viser rett nok at det var eit prisfall på 1,5 prosent for dieselbilane til Volkswagen i Tyskland, men Engelskirchen trur dette har meir å gjere med den generelle økonomiske situasjonen enn med utsleppsskandalen.

– Likevel er det ein sjanse for at prisane kan falle, når det verkeleg har gått opp for folk kor stor Dieselgate-saka er, legg han til.

Heller ikkje salet av nye dieselbilar frå Volkswagen-konsernet har gått ned etter at jukset med utsleppsmålingar vart kjent. Audi, som er ein del av konsernet, opplyste i dag at salet deira har gått med 6,8 prosent i september. Etterspurnaden har vore spesielt sterk i Sør-Europa og USA.

– Oppdatering for Volkswagens juksebiler klar i neste uke

Razzia mot Volkswagen

Aksjeprisen opp

Samstundes melder AFP at Volkswagen-aksjen steig kraftig på Frankfurt-børsen i dag. Dette har ført til rykte om at det er ei ukjent gruppering er i ferd med å kjøpe seg opp i selskapet. Oppgangen i dag var på 7,19 prosent.

Avisa Bild skriv i dag at det går rykte i marknaden om at det er to største eigarane i selskapet, familien Porsche og familien Piech, er i ferd med å kjøpe seg ytterlegare opp.

I dag har Volkswagen-importøren her i landet, Møllergruppen, lagt ut ein søkjebase på nettsidene sine der eigarar av bilar frå VW-konsernet kan sjekke om dei er ramma av skandalen, ved å taste inn registreringsnummeret på bilen.

Her kan du sjekke om din bil er ramma .

Mannen som skal rydde opp i Volkswagen

SISTE NYTT

Siste nytt