Kaos i Nairobi: Død kenyansk opposisjonsleiar frakta gjennom byen
Kenyas mangeårige opposisjonsleiar Raila Odinga døde i går. Han fekk hjartestans under ei reise til India, og vart erklært død på sjukehus.
Dødsfallet får stor merksemd i Kenya, der Odinga er sett på som ein frigjeringshelt, spesielt for luo-folket som er landets nest største folkegruppe.
Kista med Odinga landa i dag på hovudflyplassen i Nairobi, og blir frakta til landets største stadion, Kasarani National Stadium (biletet).
Der vil det bli arrangert likskue og seremoni, før Odinga på søndag blir gravlagd i landsbyen kor han vart fødd, utanfor den nordvestlege byen Kisumu.
Det er venta at dødsfallet vil prege landets politikk i lang tid framover. Odinga hadde aldri utnevnt nokon etterfølgar, og han var før sin død sett på som ein mogleg utfordrar til presidentjobben ved valet i 2027.
Kenya er for tida prega av politisk uro etter at eit ungdomsopprør starta for to år sidan.
Odinga har fleire gonger bidratt til å skape ro i politisk urolege tider i Kenya, og han har ofte spelt ei nøkkelrolle i innanrikspolitiske forhandlingar.