Hopp til innhold

Mannen som skal rydde opp i Volkswagen

BERLIN (NRK): I dag vart Hans Dieter Poetsch tilsett som ny styreleiar i skandaleramma Volkswagen. Hans fyrste oppgåve blir å legge fram ein plan for selskapet.

Hans Dieter Poetsch

Hans Dieter Poetsch vart i dag tilsett som ny styreformann i Volkswagen.

Foto: Michael Sohn / Ap

For i løpet av kvelden skal Volkswagen etter planen legge fram eit forslag til korleis selskapets dieselbilar skal oppfylle nasjonale miljøstandardar.

– Ingen er tent med spekulasjonar eller vage rapportar, heiter det i Poetsch fyrste uttalene som styreleiar.

– Difor vil det ta litt tid før vi ser det fyrste resultata av omlegginga.

Men mange har vore skeptiske til at den tidlegare finanssjefen overtar roret i den skandaleramme bilprodusenten, og meiner han er for nært knytt til den tidlegare leinga.

Kan trekke tilbake godkjenning

Konsekvensane er store dersom ikkje krava innfris, for tyske myndigheiter kan trekke tilbake godkjenningen av modellane som omfattes av utslipsskandalen.

– Eg håpar at Volkswagen ganske raskt viser den naudsynte openheit i denne saka, sa den tyske forbundskanslaren Angela Merkel til radiokanalen Deutschlandfunk søndag.

I helga skreiv avisa Bildt at toppingeniørar i Volkswagen allereie i 2005 hadde bestemt seg for å jukse på dieseltestane, og i 2008 skal teknologien ha vore på plass, samstundes med at ein nyutvikla dieselmotor vart sett i produksjon.

Volkswagen har innrømt at 11 millionar bilar verda over er omfatta av skandala, der dieselmotorar viser lågare utslepp enn reelt under miljøtestar. Utan programvara som justerte ned utslippsverdiane skal dei ha vore nøydde til å stanse det viktige dieselmotorprosjektet.

Sett av 60,5 milliardar

Under eit lukka møte med dei tilsette i Wolfsburg i går gjorde fagforeiningsleiar Bernd Osterloh det klart at dei tilsette ikkje skal måtte lide for eventuelle feil som leiarane har gjort. Han sa at ingen jobbar i Volkswagen står i fare umiddelbart, men at alle prosjekt og investeringar skal verte gjennomgått.

Direktør i Volkswagen, Matthias Müller, har uttalt til den tyske avisa Frankfurter Allgemeine Zeitung, at om alt går etter planen skal bilprodusenten starte å tilbakekalle bilar i januar 2016, og foreløpig ha fiksa bilane innan utgangen av 2016. Dette gjeld i første omgang bilane i Europa. I tillegg skal de vere rundt 488.000 bilar som er ramma i den amerikanske marknaden.

Bilgiganten har sett av 6,5 milliardar euro, eller rundt 60,5 milliardar norske kroner, til å dekke kostnadene av skandalen, men den kan vise seg å koste endå meir, skriv BBC.

SISTE NYTT

Siste nytt