Mann i Trøndelag dømd til fengsel for bedrageri
Ein mann i 20-åra er i Trøndelag tingrett dømd til 4 år og 11 månader i fengsel for grove bedrageri mot bankar på til saman rundt 1,8 millionar kroner.
Han er også dømd for bedrageri mot ein privatperson på like over 2,2 millionar kroner.
– Saka gjekk som tilståingsdom, og vi er nøgde med at retten er einig i vår straffepåstand, seier Hanne Sivertsen Berg i Trøndelag politidistrikt i ei pressemelding.
Mannen er også dømd for forsøk på fleire grove bedrageri mot fleire bankar på i overkant av 71 millionar kroner, og for å ha oppbevart narkotika.