Kubanske styresmakter stadfesta i kveld at ei passasjerferje er kapra, og at fartyet er på veg mot Florida i USA. Det er rundt 50 passasjerar om bord i ferja, og seks til åtte av dei er born. Ein kubansk talsmann seier at USA nektar å samarbeide med Kuba for å løyse saka.
I drift
Det flatbotna fartyet driv no utan motorkraft rundt 45 kilometer frå kysten av Kuba. To kubanske patruljebåtar følgjer ferja på avstand, medan USA har sendt to kystvaktfarty ut for å møte den kapra ferja. Det er uklart kven dei har framsett kravet om drivstoff til, USA eller Kuba.
Ei talskvinne for FBI i Florida, Judy Orijuela, opplyser i kveld at USA har sendt ei gruppe forhandlarar, for å præve å få til ei løysing.
Det er uklart kor mange kaprararar det er om bord, men ein styrmann om bord i ferja sa i ein telefonsamtale med faren sin i Havana tidlegare i dag at det var 15-16 kaprarar. Dei skal vere væpna med handvåpen og knivar.
Båtkapringa kjem berre eitt døgn etter at ein kubansk mann kapra eit innanriksfly og tvang det til å gå til Key West i Florida.
Florida
Dette igjen var den andre kapringa av eit kubansk innanriksfly på to veker. Felles for alle kaprarane er at dei vil til Florida i USA.
Den amerikanske kystvakta har sendt to farty ut frå Key West i Florida for å møte den kapra ferja, men Kystvakta har få opplysningar om kva som eigentleg har skjedd.
- Det siste vi høyrde frå den kubanske kystvakta var at ferja no er ute av kubansk farvatn, seier offiser i den amerikanske Kystvakta, John Zarr til Reuters.
Den vesle ferja går normalt i rute i Havana-bukta mellom hovudstaden Havana og to forstader, Casablancas og Regla.
Avtale
I 1994 blei fleire kubanske ferjer kapra av kubanarar som ville til USA. Så mange som 35.000 menneske skal ha flykta frå Kuba til Florida i denne perioden. Folk flykta også i små, skrøpelege farkostar.
Ein avtale mellom styresmaktene i USA og Kuba gjorde at det ble slutt på trafikken. Avtalen innebar blant anna at USA skulle sende tilbake til Kuba alle som som vart plukka opp i rom sjø. Talet på visa til kubanske statsborgarar blei også kraftig redusert