Hopp til innhold

Vil ikkje diskutere atomspørsmål

Irans president Mahmoud Ahmadinejad sier at landet ikkje vil diskutere atomspørsmål i ein ny runde samtalar med USA og andre stormakter.

Mahmoud Ahmadinejad

Irans president Mahmoud Ahmadinejad vil ikkje disktuere det iranske atomprogrammet.

Foto: PRAKASH SINGH / AFP

Luftfoto av det iranske atomanlegget i Natanz,

Foto: Digital Globe / Scanpix/AFP

- Vi har sagt fleire gonger at Irans rett til atomteknologi ikkje er eit diskusjonstema. Vi vil berre diskutere internasjonale spørsmål, seier han.

USA, Frankrike, Russland, Storbritannia, Tyskland og Kina har gjort det klart at dei vil snakke om det iranske atomprogrammet.

Det kan bli samtalar med Iran i Istanbul seinare denne månaden.

Ahmadinejad sa i ein fjernsynstale i dag at Iran berre vil delta i samtalane for å diskutere internasjonale problem, og for å bidra til å etablere fred.

Stormaktene har gjort det klart at dei vil ha svar frå Iran når det gjeld landet sitt atomprogram.

I går sa pressetalsmann Ramin Mehmanparast i det iranske utanriksdepartementet at det ikkje er aktuelt for Iran å drøfte ein avrtale om å byte opprika uran mot atombrensel, slik det tidlegare har vore foreslått.

Iran seier at atomprogrammet utelukkande er til sivil bruk, men vestlege land og Israel er sikre på at den islamske republikken har som mål å utvikle atomvåpen.

LES OGSÅ: USA vil ikke være med på militær trussel mot Iran

LES OGSÅ: Iran klar til atomsamtaler

LES OGSÅ: - Død over den store satan


SISTE NYTT

Siste nytt