Hopp til innhold

- Død over den store satan

Titusenvis av menneske ropte slagord mot USA og Israel i Teheran i dag, då dei markerte 31-årsdagen for gisseltakinga i den amerikanske ambassaden.

Iranske skulejenter feirar 31-årsdagen for gisseltakinga ved den amerikanske ambassaden.

Iranske skulejenter feirar 31-årsdagen for gisseltakinga på den amerikanske ambassaden i Teheran.

Foto: BEHROUZ MEHRI / Afp

Hatet mot USA og Israel dominerer 4. november-markeringa i Teheran

Hatet mot USA og Israel dominrerer 4. november-markeringa i Teheran.

Foto: CAREN FIROUZ / Reuters

4. november har blitt ein nasjonal festdag i den islamske republikken Iran. Det var på denne datoen i 1979, berre nokre få månader etter at ayatollah Khomeini kom til makta, at islamistiske studentar storma den amerikanske ambassaden og tok 52 amerikanarar som gislar.

Ville ha sjahen utlevert

Makthavarane forsvarte overfor omverda gisseltakinga med at det var eit svar på at USA ikkje ville utlevere sjah Reza Pahlavi, som vart styrta nokre månader tidlegare, og søkte tilflukt i USA.

Det gjekk 444 dagar før gislane vart sette fri. Sidan gisseltakinga har forholdet mellom Iran og USA vore på frysepunktet, og USA har i dag ikkje diplomatisk samband med islamistregimet i Teheran.

Klar melding frå denne ungjenta i Teheran

Klar melding frå denne ungjenta under feiringa av 31-årsdagen for gisseltakinga i den amerikanske ambassaden.

Foto: CAREN FIROUZ / Reuters

På 31-årsdagen for gisseltakinga samla store menneskemengder seg framfor bygningen som i 1979 husa den amerikanske ambassaden. Her bar dei plakatar med slagord USA, som i Iran ofte blir kalla for den store satan. Ein kunne også høyre slagord mot Israel, som ofte blir kalla den vesle satan.

- Rop mot USA

- Død over Amerika, rungar det gjennom gatene. - Død over Israel, svarar andre, medan dei viftar med fargerike plakatar og banner med fantasifulle teikningar og slagord som framstiller USA og Israel på ein ikkje akkurat fordelaktig måte.

Samstundes var det som vanleg ved slike markeringar hyllingar til den noverande øvste leiaren, ayatolla Ali Khamenei, og av sjølvaste revolusjonshelten, avlidne ayatolla Khomeini.

Eitt sitat av den avlidne ayatollaen var slått opp på ein vegg ved den gamle ambassadebygningen i dag:

- Om du har lyst til å rope, så rop mot USA!

Feiring av 31-årsdagen for gisseltakinga i den amerikanske ambassaden i Teheran i 1979.

Fleire tusen deltok i feiringa av 31-årsdagen for gisseltakinga i Teheran.

Foto: CAREN FIROUZ / Reuters
Dei små er også med på feiringa i Teheran

Juniormilitsen viste seg også fram under 4. november-feiringa i Teheran.

Foto: Vahid Salemi / Ap

LES OGSÅ: Iran positiv til nye atomforhandlinger

LES OGSÅ: Ahmadinejad skrøt av Hizbollah

LES OGSÅ: Tyske journalister arrestert i Iran

SISTE NYTT

Siste nytt