Hopp til innhold

Ber sultanen kvitte seg med Beverly Hills Hotel

Sultanatet Brunei har innført dødsstraff for utruskap og homofili. Det har vekt sterke reaksjonar i Hollywood.

Jay Leno i spissen for demonstrantar utanfor Beverly Hills Hotel.

Komikaren og talkshow-verten Jay Leno i spissen for ei gruppe demonstrantar utanfor beverly Hills Hotel.

Foto: JONATHAN ALCORN / Reuters

Sultanen av Brunei, Haji Hassanal Bolkiah, er ein av dei rikaste i verda, og han har eigedomar over heile kloden. Ein av eigedomane er det populære Beverly Hills Hotel i Hollywood, eit rosa hotellpalass som ofte blir nytta av dei rike og berømte.

Demonstrasjon utanfor Beverly Hills Hotel.

Mange kvinner har engasjert seg mot eigaren av Beverly Hills Hotel.

Foto: JONATHAN ALCORN / Reuters

Menneskerettsaktivistar, feministar og forkjemparar for dei homofile sine rettar har gått i brodden for ein boikottkampane mot hotellet. Dei meiner at sultanen ikkje skal få stå som eigar av Beverly Hills Hotel og nabohotellet Hotel Bel-Air.

No varslar dei boikott heilt til styresmaktene i Brunei innfører lover som ikkje bryt med menneskerettane.

Homofili og utruskap

Begge desse hotella er ein del av Dorchester Collection-kjeda, som består av luksushotell over heile verda. Dorchester har hovudsetet sitt i London, men er 100 prosent eigd av sultanen og hans maktapparat.

Dei strenge islamske lovene som Brunei har vedteke å innføre i etappar dei nærmaste åra, slår hardt ned på blant anna homofili og utruskap. Det skal straffast med døden, og avrettingsmetode er steining.

Kjendisar som Ellen De Generes, Jay Leno og Richard Branson er blant dei mange som har engasjert seg for å krevje at sultanen av Brunei ikkje lenger kan stå som eigar av Beverly Hills Hotel. Dei oppmodar til boikott av hotellet om det ikkje kjem til eit eigarskifte.

John Kerry og sultanen av Brunei.

Sultanen av Brunei saman med USAs utanriksminister John Kerry.

Foto: PHILIPPE LOPEZ / Afp

Samrøystes bystyre

Lili Bosse er borgarmeister i Beverly Hills.

Lili Bosse, borgarmeisteren i Beverly Hills, under debatten om Beverly Hills Hotel natt til onsdag norsk tid.

Foto: DAVID MCNEW / Reuters

Det har i fleire dagar vore store demonstrasjonar mot Brunei framfor hotellet, med plakatar som oppmodar folk til å boikotte det verdskjende fest- og overnattingspalasset.

Også bystyret i Beverly Hills har samrøystes kravd at sultanen av Brunei skal trekkje seg ut av det rundt 100 år gamle hotellet. Bystyret gjekk likevel ikkje så langt som å oppmode til boikott av hotellet.

Amerikanske styresmakter har i hovudsak vore tause i saka, men i går gjorde Utanriksdepartementet det klart at den amerikanske ambassadøren til Brunei har uttrykt uro for dei nye lovene overfor styresmaktene der

– Rammar lokalt tilsette

Christopher Cowdray, toppsjefen i Dorchester Collection-kjeda, kallar demonstrantane for dobbeltmoralske. Han viser til at det er fleire hotell i Hollywood som er eigde av den saudiarabiske kongefamilien.

– Skjortene de har på dykk kjem mest truleg frå eit land som har problem med menneskerettane. Ein boikott rammar berre dei lokalt tilsette, seier han, ifølgje BBC.

Beverly Hills Hotel i California.

Det verdskjende Beverly Hills Hotel har vore mykje brukt av dei rike og berømte.

Foto: JONATHAN ALCORN / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt