Hopp til innhold

Brunei innfører dødsstraff ved steining for utruskap

Sultanen av Brunei er i ferd med å stramme inn sharialovene i landet ytterlegare. I løpet av eit halvt år kan utruskap straffast med dødsstraff ved steining.

Sultan Hassanal Bolkiah i hovudstaden Bandar Seri Begawan.

Sultanen av Brunei har styrt det oljerike minilandet eineveldig sidan 1967.

Foto: AHIM RANI / Reuters

Det oljerike sultanatet Brunei ligg på øya Borneo i Søraust-Asia, der mesteparten av territoriet er delt mellom Malaysia og Indonesia. Demokratiske val har aldri vore aktuell politikk i Brunei.

Den eineveldige sultanen Hassanal Bolkiah har ord på seg for å vere eventyrleg rik. Han er også kjend for å ha ført det vesle landet i ei stadig meir konservativ islamsk retning etter at han overtok makta i 1967.

Dødsstraff ved steining

John Kerry og sultanen av Brunei.

USAs utanriksminister John Kerry saman med sultanen av Brunei under ASEAN-toppmøtet i Brunei tidlegare denne månaden.

Foto: PHILIPPE LOPEZ / Afp

Samstundes er også Brunei det landet i Søraust-Asia med høgst inntekt per innbyggjar, etter Singapore. Landet er det femte rikaste i verda målt etter brutto nasjonalprodukt.

Dei nye lovene sultanen varsla tysdag denne veka vil truleg innebere at menneske som blir tekne i utruskap, skal steinkast til døde. Tjuvar kan bli straffa med amputasjon av hender, slik det er skildra i Koranen. Folk som drikk alkohol vil risikere pisking.

Det er alt totalforbod mot sal av alkohol i Brunei, og det er også strengt forbode å forkynne andre religionar enn islam. 65 prosent av innbyggjarane er muslimar, resten er buddhistar, kristne og konfusianarar. Det blir presisert at sharialovene berre skal gjelde for muslimar.

Store norske leksikon om sharia

Garanterer rettferd

– Det er på grunn av behova våre at Allah den allmektige har laga lover for oss, slik at vi kan bruke dei til å oppnå rettferd, seier Bolkiah, som ved sida av å vere statsoverhovud også er statsminister, finansminister og forsvarsminister i Brunei.

Det noverande lovverket i Brunei føreskriv også pisking som straff for ein del brotsverk, blant anna brot på innvandringslovene.

Den øvste muslimske skriftlærde i Brunei, mufti Awang Abdul Aziz, meiner at sharialovene vil garantere rettferd for alle og sørgje for at alle har det bra. Han trur ikkje at turistar vil bli skremde frå å vitje landet.

– Dersom ikkje turistar har planar om å stele, har dei ingenting å vere redde for. Tru meg på at med sharialovene på plass, så vil alle, inkludert turistar, kjenne seg trygge, sa ha på ein konferanse sist tysdag.

Sveriges kong Carl Gustaf på statsbesøk i Brunei i 2004.

Sveriges kong Carl Gustaf vekte oppsikt då han under eit besøk i Brunei i 2004 omtalte sultanen som open og folkekjær.

Foto: STRINGER/MALAYSIA / REUTERS

Ikkje tradisjon for opposisjon

Det er ikkje venta protestar mot innføringa av strenge sharialover i Brunei. Det er ikkje tradisjon for opposisjon i landet, og berre det å snakke nedsetjande om sultanen og familien hans, kan gi strenger straffer.

Ifølgje landsidene til norsk UD har det tradisjonelt vore lite handel mellom Brunei og Noreg, men at Aker Solutions er etablert i landet. Det er forventa at talet på nordmenn i landet vil stige til rundt 100. Det er også nokre få nordmenn som er involverte i oljeverksemd direkte for Brunei Shell Petroleum.

Espen Barth Eide

Dåverande utanriksminister Espen Barth Eide møtte sultanen av Brunei i månadsskiftet juni/juli i år.

Foto: John Minchillo / Ap

Det er for tida ingen norsk ambassade i Brunei, men den norske ambassaden i Kuala Lumpur i Malaysia har vore side-akkreditert til Brunei sidan 1999. I tillegg har Noreg eit honorært konsulat i hovudstaden Badar Serni Begawan.

Møtte norsk utanriksminister

Dåverande utanriksminister Espen Barth Eide vitja Brunei i månadsskiftet juni/juli i år Brunei for å signere ein avtale mellom Noreg og det asiatiske samarbeidsorganet Asean. Han hadde også eit møte med sultanen.

På spørsmål frå NRK.no vil ikkje den nyleg avgåtte utanriksministeren kommentere møtet med sultan Hassanal Bolkiah.

Dette møtet fekk aldri noko etterspel, men då kong Carl Gustaf av Sverige møtte sultanen for nokre år sidan, vekte det ein del oppsikt at han i ein tale omtalte sultanen i svært så rosande ordelag.

Her hylla svenskekongen Bolkiah som ein open og folkekjær leiar, og det fall mange svenske politikarar tungt for brystet.

SISTE NYTT

Siste nytt