NRK Meny
Normal

Ny video avslører: Politiet skaut Tamir (12) etter to sekund

Ein ny overvakingsvideo viser at 12 år gamle Tamir Rice vart drepen av politiet berre sekund etter at patruljen kom til staden kor han vifta med ein leikepistol.

Ny video viser 12-åringen bli skutt.

Videoen viser først guten (i kvit jakke) som viftar med pistolen mot forbipasserande. På ein benk i bakgrunnen sit ein mann som melder inn hendinga til politiet. Naudsentralen gir beskjed over sambandet. Etterkvart kjem politiet til staden, og skyt guten berre sekund etter framkomst. NRK har stoppa videoen når guten vert skoten. Politi og lyd er offentleggjort av politiet, etter ønske frå guten sin familie.

Cleveland Police Shoot Boy Tamir Rice

Det var 12 år gamle Tamir Rice som vart skoten av politiet i Cleveland, etter at han peika med ein leikepistol mot forbipasserande.

Foto: Ap

Den uskarpe videoen viser ein 12 år gamal gut vandre rundt med det som liknar ein pistol i hendene sine. I ettertid har det blitt kjent at det var ein leikepistol Tamir Rice brukte til å peike mot personar som går forbi.

– Ein mann ligg nede

På ein benk litt bortanfor sit ein mann og observerer det heile. Han ringer politiet, fortel at ein gut går rundt og peiker med det som ser ut som ein pistol. I samtalen seier mannen to gonger at han ikkje veit om pistolen er ekte. Det er uklart om denne beskjeden nådde fram til dei to politibetjentane som kom til staden.

Etter ei lita stund kjem ein politibil i full fart. 12-åringen går mot bilen, men vert skoten i same augneblinken som politibilen stoppar.

– Me er her. Fyrt av skot. Ein mann ligg nede. Ehm. Ein svart mann, kanskje tjue (år, journ.anm), seier ein av politimennene over sambandet.

Hendinga fann stad i Cleveland, Ohio førre laurdag, og det er politiet i Cleveland som har publisert videoen etter ønske frå Tamir Rice sin familie. I tillegg har politiet også offentleggjort to lydopptak. Eit kor guten vart meldt inn for politiet, og eit klipp med dialogen mellom politimennene og sentralen.

– Ropte tre gonger først

I tidlegare utsegner har politiet sagt at guten vart skoten fordi han hadde gått mot politiet og rakt ut handa mot pistolen som var i bukselinninga. Den nye videoen, som viser at alt skjedde veldig fort, skaper ny diskusjon i USA.

– Me trur situasjonen kunne vore unngått, og at Tamir framleis kunne ha vore her saman med oss, seier ein talsmann for familien, som samstundes ber folk om å halde seg rolege og ikkje bidra til for mykje uro.

Sjølv om videoen ikkje viser noko teikn på dialog, så seier assisterande politisjef i Cleveland-politiet, Ed Tomba, at politimennene hadde ropt til guten medan bilen rulla inn på staden.

– Politibetjenten si dør var open medan dei køyrde inn på staden. Han ropte tre gonger medan dei køyrde inn dit, sa Tomba på ein pressekonferanse i går.

Mannen som melde guten inn for politiet seier i samtale med naudsentralen at pistolen kan vere falsk, og at det var snakk om ein ung gut. Politiet i Ohio understrekar at det framleis er uklart om desse beskjedane nådde fram til politimennene som kom til staden.

Stor uro i USA

Hendinga er ei av fleire hendingar som har bidratt til ny uro i USA. Politiet har lenge måtte tole kritikk for å skyte uvæpna innbyggjarar, og særskild personar av afroamerikansk opphav.

Berre dagar før Rice vart skoten, så vart ein 28 år gamal mann, også han av afroamerikansk opphav, skoten og drepen i Brooklyn i New York. Ein fersk politimann skal ha skote 28-åringen, tilsynelatande uprovosert.

Samstundes har det blussa opp nye opptøyar i Ferguson, Missouri, etter at påtalemakta bestemte at det ikkje skulle takast ut tiltale mot politimannen som skaut og drap 18 år gamle Michael Brown i august. I natt vart 400 personar arresterte etter demonstrasjonar i meir enn 160 byar i USA.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt