Hopp til innhold

Politi skaut 13-åring i Chicago

13 år gamle Adam Toledo vart skoten av politiet i Chicago i USA i slutten av mars. Ein fersk video frå politiet viser at guten hadde hendene i vêret då han vart skoten.

Adam Toledo

Video frå kroppskameraet til politiet viser at 13-åringen hadde hendene i vêret då han vart skoten.

Foto: COPA / Reuters / NTB

Videobileta viser at guten heldt begge hendene opp då han snudde seg mot politifolka. Hendene hans var tomme.

På ein pressekonferanse torsdag kveld sa advokaten til familien til Adam Toledo, Adeena Weiss Ortiz, at guten ikkje hadde våpen i hendene då han vart skoten.

– Politibetjenten ropte at Adam skulle vise hendene. Adam gjorde som han vart beden om, snudde seg mot politibetjenten og vart skoten i brystet, seier Ortiz.

Ho kan ikkje seie sikkert om guten hadde eit våpen forut for skytinga.

Politiet har opplyst at dei fann eit skytevåpen på staden som guten kan ha kasta frå seg, skriv Chicago Tribune.

Myndighetene i Chicago har frigjort video fra politibetjentens kroppskamera som viser at 13-åringen blir skutt.

Styresmaktene i Chicago har frigjort video frå kroppskameraet til politibetjenten som viser at 13-åringen blir skoten.

Politimannen som fyrte av dei dødelege skota er ikkje offisielt sikta for å ha gjort noko gale, men han er tatt ut av aktiv teneste mens ein ventar på granskinga av hendinga.

Politibetjenten, den 34 år gamle militærveteran Eric Stillman, starta i politiet i 2015. Han har ikkje tidlegare vore klaga for å ha gjort feil i tenesta.

Protestar i gatene

Det braut ut heftige protestar i Chicago etter at videoen frå skyteepisoden 29. mars vart offentleggjord torsdag. Demonstrantane kravde rettferd for Adam Toledo.

Protester i Chicago mot skytingen av Adam Toledo

Store protestar i Chicago etter at politiet offentleggjorde videoen torsdag.

Foto: Ashlee Rezin Garcia / AP / NTB

Offentleggjeringa av videoen kom samtidig som rettssaka mot politimannen Derek Chauvin etter drapet på George Floyd går føre seg i Minneapolis. Drapet på Daunte Wright i midten av mars i same by har og vekt såre kjensler og sinne.

For femte natta på rad har det vore demonstrasjonar utanfor politistasjonen i Brooklyn Center i Minnesota i protest mot politiet sine handlingar.

– Sorg og raseri

Ordførar Lori Lightfoot i Chicago har bede folk halde seg i ro og vente på et ei uavhengig gruppe har granska drapet.

Ho peika på at det ikkje ligg føre nok informasjon enno til å seie sikkert kva som skjedde 29. mars, men at ho forstår at folk er sinte.

Ordfører Lori Lightfoot i Chicago

Ordførar Lori Lightfoot oppmoda folk til å vente på etterforskinga.

Foto: Ashlee Rezin Garcia / AP / NTB

– Vi lever i ein by som er traumatisert av ein lang historie med politivald, så eg forstår godt den sorg og det raseri som folk føler, sa Lightfoot på ein pressekonferanse i rådhuset torsdag.

Vil ha politireform

Familien til den drepne 13-åringen har og bede folk halde seg i ro.

– Vi har høyrt at det er planlagt nye protestar, men vi ber om at folk held seg rolege i respekt for minnet til Adam, og at dei bidrar i arbeidet for nye reformer, seier familien i ei fråsegn som er gjeve att av avisa.

Lys og blomster til minne om Adam Toledo i Little Village i Chicago

Lys og blomstrar til minne om Adam Toledo i Chicago.

Foto: Kamil Krzaczynski / AFP /NTB

LES OG: Hun mistet både kjæresten George Floyd og en elev til politivold: – Jeg er knust

SISTE NYTT

Siste nytt