Dei fire blir sende opp to dagar etter at det førre mannskapet på ISS returnerte til jorda. Nasa la ut video av den vellukka oppskytinga på Twitter.
Oppskytinga vart utsett fleire gonger. Det førre mannskapet kom heim måndag denne veka, men dei skulle opphavleg ha tatt i mot avløysarane oppe på romstasjonen.
Romfarar nummer 600
Blant mannskapet er astronaut nummer 600, det vil seie den 600. jordbuaren som forlèt kloden i løpet av 60 års romalder.
Matthias Maurer
Foto: NasaTyske Matthias Maurer vart nummer 600, ifølgje Nasa.
I tillegg til Maurer er amerikanarane Raja Chari, Thomas Marshburn og Kayla Barron om bord.
Frå venstre: Matthias Maurer, Tom Marshburn, Raja Chari og Kayla Barron
Foto: John Raoux / APSkal ta imot turistar
Dei er venta å komme fram til romstasjonen i løpet av det neste døgnet, meir enn ei veke seinare enn planlagt. Dei skal vere på stasjonen i eit halvt år og mellom anna ta imot to grupper med turistar.
Ein av astronautane¨skal ha slite med eit medisinsk problem førre veka, men skal no vere frisk igjen. Det er ikke gjort rede for kva problemet var. Nasa har berre sagt at det ikkje er snakk om covid-19. I tillegg førte òg dårleg vêr til at oppskytinga vart utsett.