Hopp til innhold

AFP: Kan bli fire nye dagar med våpenkvile

Sjølv om Israel skulle gå med på forlenginga, er målet deira framleis å knusa Hamas, seier ekspert.

Benjamin Netanyahu på Gazastripen 26. november

Israel sin statsminister, Benjamin Netanyahu, vitja israelske soldatar på Gazastripa i helga.

Foto: HANDOUT / AFP

Hamas skal vera villige til å forlenga våpenkvila, som eigentleg tek slutt etter i dag, med fire dagar. Det melder AFP, som syner til anonyme kjelder tett på Hamas.

Frigjering av kvinner og barn som blir haldne som gissel av Hamas skal vere avgjerande for om det blir forlenging. Det skriv Reuters som siterer israelske styresmakter.

Hamas skal vera klare til å lauslate alle israelske soldatar som blir halde som gissel i Gaza – i byte mot alle palestinske fangar i Israel. Det er Bassem Naim, ein sentral person i Hamas, som seier dette på ein pressekonferanse onsdag kveld.

Framleis rundt 150 gissel

Under våpenkvila har livsviktig naudhjelp nådd fram til den lidande sivilbefolkninga i Gaza. Fleire fangeutvekslingar har også funne stad.

Hamas tok rundt 240 gissel i åtaket mot Israel 7. oktober. Av desse skal rundt 90 vera sleppt fri, medan Israel har sleppt fri 180 fengsla palestinarar.

Natt til onsdag fekk Israel ei liste med fleire gissel som Hamas skal sleppa fri, på det som er siste dag av våpenkvilen.

I Qatar skal internasjonale meklarar no jobba med å forlenga avtalen, ifylgje AFP.

Det trur seniorforskar ved PRIO, Jørgen Jensehaugen, går i orden.

Krigen vil halda fram

– Det sannsynlege er likevel at krigen vil starta opp att etter dei fire dagane. Israel har vore veldig tydelege på at hovudmålet er å knusa Hamas, seier Jensehaugen og held fram:

Det gjer ein ikkje ved å få heim gislane, sjølv om også det er eit mål. Incentivene for å føra krig er framleis til stades for Israel.

Jørgen Jensehaugen

Jørgen Jensehaugen er seniorforskar ved Prio, og har spesialisert seg på den israelsk-palestinske konflikten.

Foto: Høyskolen Innlandet

Professor Hilde Henriksen Waage frå UiO meiner press på Israel frå USA kanskje er det einaste som kan få slutt på krigen.

Men ein slutt på krigen er det ikkje alle i Netanyahu-koalisjonen som ynskjer seg.

I regjeringa trugar sikkerheitsminister Ben Gvir med å «riva regjeringa frå kvarandre» om krigen ikkje held fram.

USAs president Joe Biden klemmer Israels statsminister Benjamin Netanyahu

Er det berre USA og president Biden som kan stoppa Israel og Netanyahu? Her under Biden sitt besøk i Tel Aviv, 18. oktober.

Foto: Evan Vucci / AP

Enorme gnissingar

Jensehaugen meiner det er lite truleg at Netanyahu-regjeringa kollapsar medan krigen held på.

Litt av grunnen til det er at krig har ei veldig sterk nasjonalt samlande effekt, forklarar han. Likevel er det enorme gnissingar i regjeringa og i israelsk politikk.

– Det er difor store moglegheiter for at regjeringskoalisjonen kollapsar så fort krigen er over.

Internt i Hamas verkar det å vera semje om at ei forlenging av våpenkvila er ynskjeleg. Men det er usikre kort, også på palestinsk side.

Den radikale militante gruppa Islamsk heilag krig (også kjend som Islamsk Jihad) er ikkje direkte tilknytt Hamas, og held fleire av dei israelske gislane under sin kontroll.

Jensehaugen trur ikkje dei vil handla i strid med Hamas sine interesser og setja forhandlingar på spel.

Soldater fra Hamas og Islamsk hellig krig med israelske gisler.

Soldatar frå Hamas og Islamsk heilag krig leverer to israelske gissel til Raude Kors ved Rafah-grenseovergangen, tysdag.

Foto: - / AFP

– Dei er ei gruppe som både er alliert og i konkurranse med Hamas. Dei har ikkje blanda seg inn i styringa av Gaza, men dei har delteke militært i krigen. Dei har også respektert våpenkvila, sjølv om dei ikkje var ein del av forhandlingane, seier forskaren.

Han peiker også på at gruppa har sagt seg villige til å koordinera utleveringa av sivile gissel med Hamas.

– Men militære gissel, israelske soldatar, har dei nok ingen planar om å sleppa fri. I forhandlingane som held på no, iallfall.

Kven har kome best ut av våpenkvila?

Jensehaugen synst det er vanskeleg å seia om det er Israel eller Hamas som har fått mest ut av pausen.

Ekspertar NRK snakka med før våpenkvila var eit faktum, meinte båe partane ville vera tent med avtalen, men at det kanskje var Hamas som ville ha størst utbyte av den.

– Det viktigaste er at sivilbefolkninga har fått denne naudsynte pausen, og at humanitær hjelp har kome inn, seier Jensehaugen.

Om det er Israel eller Hamas som har kome best ut av denne pausen, kjem an på kva dei har brukt den til. Og det er informasjon me ikkje har tilgang til, forklarar han.

Hilde Henriksen Waage er professor ved UiO. Ho har Midtausten som spesialfelt.

Hilde Henriksen Waage

Hilde Henriksen Waage er forskar og historikar ved Universitetet i Oslo, og har Midtausten som spesialfelt.

Foto: Martin Tegnander / PRIO

Ho trur både Israel og Hamas vil vera tent med ein vidare våpenkvile. Av ulike grunnar. Ho meiner Israel er tent med våpenkvila fordi det er veldig viktig for dei å få gislane heim.

For Hamas meiner ho det er viktig å sikra tilførsle av naudhjelp til den lidande sivilbefolkninga. Våpenkvila gjer at begge får det dei vil.

Kan USA sitja på løysinga?

Jensehaugen trur som nemnt at krigen vil starta opp att om fire dagar.

Samstundes har USA og president Biden oppfordra Israel til å syna større presisjon og meir omsyn til sivile dersom dei startar opp att med bakkeoperasjonar i Gaza.

Det meiner Waage er umogleg.

– Eg trur amerikanarane jobbar hardt i kulissane med å leggja press på Israel og få krigen over i eit anna, meir fredeleg spor, seier ho.

Professoren peiker vidare på at USA har verktøya som trengst for å setja ein stoppar for krigen. Dei har det ho kallar «musklane» til det.

Les også De fleste løslatte fangene fra Israel er barn: – Uakseptabelt

RycsgZk9uaE

– Pengar og våpen. Dersom dei i Washington D.C meiner Israel sin politikk er til skade for amerikanske interesser, og dei stoppar tilførsle av pengar og våpen, har Israel historisk lytta.

Ho forklarar vidare at Israel er heilt avhengige av amerikansk stønad.

Det er kanskje det einaste håpet me har, seier ho.

Jensehaugen er skeptisk. Han syner til at USA har gjeve Israel blankofullmakt i så lang tid at eit retorisk skifte, som det ein no ser, ikkje er nok til å stogga Israel.

– Men det kan ha avgrensande effekt.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.