Hopp til innhold

Dette seier ekspartane om mogleg våpenkvile

Å få tilbake gislane er altoverskyggande for Israel. Samstundes meiner ekspertane at det å kidnappa sivile, særskild kvinner og born, har vore ei PR-blemme for Hamas.

Røyk etter eit israelsk luftangrep på Gaza, 21. november.

Det kan bli ein fem dagar lang pause i dei israelske luftåtaka mot Gaza, dersom Hamas og Israel får avtalen i hamn.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP

Tysdag føremiddag bekreftar Qatar sitt utanriksdepartement at Israel og Hamas er heilt i sluttfasen av forhandlingane om ein mellombels våpenkvile og ei fangeutveksling. Det skriv Haaretz.

Her er det me veit så langt:

  • Hamas skal vera villige til å puljevis sleppa fri kring 50 israelske kvinner og born, mot at Israel slepp om lag like mange palestinske fangar fri frå israelske fengsel, ifylgje The Washington Post.
  • Fleire medier skriv at det skal vera snakk om ein våpenkvile på fem dagar.
  • Israel skal vera villige til å sleppa naudhjelp, matforsyningar og drivstoff inn i Gaza under våpenkvila, skriv The New York Times.
  • IDF har ikkje kommentert påstandane.

Gissel-saka er det viktigaste

Hamas tok kring 239 israelske gissel under åtaket mot Israel 7. oktober. Berre fem er sat fri. Fleire skal vera døde.

Den israelske regjeringa har ved fleire høve sagt at det ikkje vil bli aktuelt med våpenkvile før alle dei israelske gislane er trygt attende i Israel.

Plakatar med bilete av israelske Hamas-gissel.

Å få dei israelske gislane trygt heim er det viktigaste for den israelske befolkninga.

Foto: AMIR COHEN / Reuters

Måndag kveld sa Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu at det å få gislane trygt heim er eit «heilagt oppdrag».

– Me kjem ikkje til å kvila før oppdraget er utført, sa han til gislane sine familiar.

Dag Henrik Tuastad er førstelektor i Midtausten-studiar ved UiO. Han seier at gisselsaka er det den israelske befolkninga er mest oppteken av i den pågåande krigen.

– Då Netanyahu tidleg var ute og sa at det viktigaste var å fjerna Hamas, og at gisselsaka var sekundær, måtte han snu.

No er gisselsaka det primære og altoverskyggande, seier Tuastad.

Dag Henrik Tuastad

Dag Henrik Tuastad meiner Hamas kvittar seg med ei PR-belastning om dei slepp fri israelske gissel.

Foto: Frode Fjerdingstad / Frode Fjerdingstad

Det er ikkje så rart, forklarar Hanne Eggen Røislien. Ho er spesialrådgjevar i Forsvarsstaben.

Ho syner til at det å verna om innbyggjarane sine er eit berande prinsipp for heile den militære og sosiale strukturen i Israel, men at det er vanskeleg å talfesta kor mykje eit gissel er verd.

– Kvar krig har sin eigen dynamikk, og denne sprengjer alle skalaer. Det er vanskeleg å samanlikna med til dømes Gilad Shalit-saka, når tala blir så store.

Hanne Eggen Røislien

Hanne Eggen Røislien er klar på at Israel ikkje kan vera så rause i gissel-forhandlingar som tidlegare.

Foto: Ruth Synnøve Barsten / NRK

Ho peiker på at Israel gjekk veldig langt då dei fekk Gilad Shalit heim etter fem års Hamas-fangenskap i 2011.

Avtalen om hans fridom innebar at Israel sende 1027 palestinske fangar motsett veg.

– Det kan dei ikkje gjera no. Israel seier også at mykje av situasjonen ein står i no, er forårsaka av det som skjedde då. Dei gjekk for langt. Om Hamas trur Shalit-saka er samanliknbar med dagens situasjon når ein snakkar om verdien på eit gissel, tek dei feil.

PR-katastrofe

Men gislane er framleis verdifulle for Hamas, forklarar Erik Skare. Han er Midtausten-forskar ved Universitetet i Oslo.

Han meiner det å kidnappa sivile, særskild kvinner og born, er ei PR-blemme for Hamas.

Han peiker vidare på at brutaliteten i åtaket mot Israel 7. oktober vil hefta ved Hamas for alltid, og at dei som fylgje av det har forsøkt å verka humane i behandlinga av gislane.

– Difor trur eg den humanitære appellen ved at Hamas kan syna at dei bryr seg om gislane og tek omsyn til deira rettigheiter, er veldig viktig og verdifull no.

Det å kunne bruka gislane til å framforhandla tilførsle av naudhjelp er også enormt viktig, meiner Skare.

Les også Hamas til NRK: – Vi kjemper til siste mann

Kven kjem best ut av ein avtale?

Ekspertane er samde om at Netanyahu og den israelske regjeringa er under stort press. Å få heim nokre av dei israelske gislane tek vekk noko av dette presset.

Men i utgangspunktet er det nok Hamas som ifylgje observatørar vil ha størst utbyte av avtalen, forklarar Tuastad.

– Dei kvittar seg med ei PR-belastning og har dessutan kanskje eit behov for å reorganisere seg. Det er dei som er under press på slagmarka, og som har mest å vinna på ein pause, seier Tuastad.

Røislien syner til at det har vore ein rå og brutal krig. Spesielt viktig er det at den humanitære kostnaden har vore enorm.

Dette har medført stort politisk og diplomatisk press på Israel. Ho meiner såleis at også Israel vil vera tent med ein avtale om våpenkvile og tilførsle av humanitær hjelp.

Skare meiner det å få heim gislane vil vera veldig viktig for den israelske regjeringa. Netanyahu har mellom anna fått kritikk for å ikkje ha ein plan for å få dei heim.

– Netanyahu er også blitt skulda for å ofra gislane for å overleva politisk. Å få dei heim er såleis ein siger for han og regjeringa.

Skare er samstundes klar på at fangeutvekslinga vil ha enorm symbolsk verdi i den palestinske kampen.

– Historisk har det gitt stor politisk kapital. Så skal det seiast at Hamas si gisseltaking har verka noko planlaus.

Erik Skare

Erik Skare er Midtausten-forskar ved Universitetet i Oslo.

Hamas har sagt at dei skulle avretta eitt gissel for kvar palestinske heim som blei bomba. Det gjorde dei ikkje. No ser det ut som det blir fangeutveksling, påpeiker forskaren.

Kva betydning kan det få?

Ingen av ekspertane er overraska over at det no ser ut til å bli ein avtale. Dei understrekar at det ikkje betyr ein langvarig slutt på krigen.

– No er meir enn 11.000 palestinarar drepne, og meir enn 70 prosent av befolkninga er internt fordrive, seier Skare og held fram:

– Kritiske palestinske røyster vil i ettertid lura på om det var verdt det, dersom fangeutveksling og ein våpenkvile er alt dei fekk, seier Skare.

Han meiner avtalen først og fremst er eit pusterom, og lite anna.

Heller ikkje Tuastad trur avtalen betyr all verda.

– Begge partane kan ha behov for å regruppere. Samstundes blir eg ikkje overraska om ein eventuell våpenkvile blir broten.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger