Valresultatet kan utløyse spent situasjon i Zimbabwe

Regjeringspartiet har sikra seg to tredels fleirtal etter valet i Zimbabwe. Det er likevel ikkje sikkert at Emmerson Mnangagwa får halde fram som president. Dersom han taper presidentvalet, er det ingen som veit kva han og kretsen rundt han kjem til å gjere.

Protestar Harare

SPENT: Politiet i Harare er i høg beredskap etter at folk har begynt å samle seg i gatene, og opposisjonspartiet har varsla demonstrasjonar.

Foto: Siphiwe Sibeko / Reuters

Resultata viser at regjeringspartiet ZANU-PF har fått 144 seter i nasjonalforsamlinga, opplyser valkommisjonen i landet til ZBC.

Opposisjonspartiet Movement for Democratic Change (MDC) har fått 64 representantar, medan to andre småparti får 1 representant kvar.

Sterkt parti

Elling Tjønneland

AFRIKA-FORSKAR: Elling Tjønneland jobbar ved Christian Michelsens institutt i Bergen og har god kjennskap til Zimbabwe.

Foto: CMI

Valsystemet i Zimbabwe er noko av forklaring på korfor regjeringspartiet har fått så mange seter, meiner Elling Tjønneland, Afrika-forskar ved Christian Michelsens institutt i Bergen.

Han forklarar at landet er delt inn i 210 valdistrikt, og at det er den kandidaten som får flest stemmer i kvart distrikt som blir representant i nasjonalforsamlinga. Dette kjem regjeringspartiet til gode fordi dei er eit sterkt parti, medan opposisjonen er fordelt på fleire parti.

– Vi kan ha ein situasjon der regjeringspartiet berre får 30–40 prosent av stemmene, men fleirtalet av stemmene er fordelte på så mange parti at det er regjeringspartiet som stikk av med sigeren, seier Tjønneland.

Han understrekar likevel at regjeringspartiet også har fleire lokale kandidatar som er godt kjende, og at mange velgjerarar har valt å stemme på dei.

Kven vert president?

Sjølv om regjeringspartiet har gjort eit godt val, er det ikkje sikkert at Emmerson Mnangagwa får halde fram som president. Resultata frå presidentvalet er enno ikkje klare.

Leiaren for opposisjonspartiet MDC, Nelson Chamisa, gjekk tysdag ut og hevda at han hadde vunne valet.

Tjønneland forklarar at det er mogleg å få ein president frå eit anna parti enn det som har fleirtalet i nasjonalforsamlinga.

– Det vil vere ein overraskande situasjon, men det er fullt mogleg. I så fall blir det svært spennande, seier Tjønneland.

Tilhengjarar MDC

FEIRING: Tilhengjarar til opposisjonspartiet MDC jublar i gatene tysdag etter at leiaren Nelson Chamisa hevda at partiet hadde «vunne soleklart».

Foto: Siphiwe Sibeko / Reuters

Fryktar vald

Skulle Chamisa ha rett og bli president, er det knytt stor spenning til kva Mnangagwa og kretsen rundt han kjem til å gjere. Tjønneland viser tilbake til presidentvalet i 2008, der det var ein tilsvarande situasjon.

Mnangagwa

Fungerande president Emmerson Mnangagwa

Foto: Jekesai Njikizana / AFP

– Der låg opposisjonskandidaten an til å gå vidare til andre valomgang, og då sette regjeringspartiet i gang ein valdskampanje og trakassering for å hindre dette. Personen som var ansvarleg for dette var nettopp Mnangagwa.

Det er likevel fleire ting som er annleis denne gongen. Det er mellom anna mange valobservatørar til stades, og det er vanskeleg å drive med omfattande juks.

– Mnangagwa har sjølv vore veldig opptatt av å få eit val som kan gi legitimitet. Dersom han prøver seg på noko no, så kan han stå tilbake som ein stor tapar internasjonalt, seier Tjønneland.

Harare

Folk som støttar opposisjonspartiet MDC har samla seg i gatene i Harare, der dei syng og dansar medan dei ventar på valresultatet.

Foto: Siphiwe Sibeko / Reuters

Skuldingar om valjuks

MDC har skulda valkommisjonen for å forseinke resultata med vilje, for å favorisere regjeringspartiet.

Laster Twitter-innhold

Partiet har også varsla demonstrasjonar dersom valresultatet tyder på juks, og politiet i hovudstaden Harare er i høg beredskap. Den statlege valkommisjonen meiner på si side at valet gjekk rett føre seg.

– Vi er overtydde om at det ikkje var noko form for triksing med stemmene, sa leiaren for valkommisjonen, Priscilla Chigumba tysdag.

Onsdag melder AFP at valobservatørar frå EU kritiserer vala i Zimbabwe. Dei seier at det politiske klimaet er betre, men at det har vore tilfelle av trugslar mot veljarar for at dei skulle stemme på regjeringspartiet, ubalansert mediedekning og ein mangel på tillit til sjølve valprosessen.

Forsiktig optimisme

Valet er det første sidan tidlegare president Robert Mugabe vart kasta frå makta under militærkuppet i november i fjor. Då hadde han sete med makta i 37 år, og dette er derfor eit viktig val for Zimbabwe.

Ifølgje Tjønneland er Zimbabwe eit land med mange ressursar. Dei har både naturresursar, god infrastruktur, samt ei av Afrikas mest utdanna befolkning. Skal landet klare å utnytte desse må valet føre til ro og stabilitet.

– Men med så sterke kjensler og mykje mistru kan det fort bli både opptøyar og uro når dei endelege valresultata er klare.

SISTE NYTT

Siste nytt