Hopp til innhold

Mugabe har gått av – jubel i Zimbabwe

HARARE (NRK): Zimbabwes president Robert Mugabe leverte i ettermiddag eit brev til parlamentsformannen der han formelt går av som president. Nyheita vart møtt med jubel i parlamentet, og det spreidde seg raskt til gatene i Harare.

Zimbabwes president Robert Mugabe har levert eit brev til parlamentsformannen der han formelt går av som president

DIREKTE: Folket jublar i gatene i Harare.

Parlamentet var i gang med ein debatt om ei mogleg riksrettssak mot Mugabe, då parlamentsformannen avbraut diskusjonen og leste opp brevet frå den 93 år gamle. Dermed braut jubelen laus i nasjonalforsamlinga.

Den avsette visepresidenten Emmerson Mnangagwa (75) vil overta som president i løpet av 48 timar, og han vil sitje ut Mugabes noverande periode til det skal haldast nytt presidentval i 2018, seier innpiskaren i regjeringspartiet ZANU-PF, Lovemore Matuke i kveld.

Jubel i gatene

Robert Mugabe går av.

Robert Mugabe har varsla parlamentet om at han trekkjer seg frå presidentvervet, som han har hatt i 37 år.

Foto: Ben Curtis / AP

«Eg, Robert Gabriel Mugabe, tilbyr meg hermed å gå av med umiddelbar effekt i tråd med paragraf 96 i grunnlova. Eg har trekt meg for at maktskiftet skal skje så smertefritt som mogleg, skriv han blant anna i brevet».

Leiaren for regjeringspartiet ZANU-PF i parlamentet, Lovemore Matuke, seier at han er svært glad for at Mugabe no har gått av.

– Eg er svært glad for at presidenten har valt å trekkje seg frivillig. Dette kunne ha vorte svært pinleg, seier han ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Folk strøymer no ut i gatene i hovudstaden Harare for å feire at Mugabe endeleg har gått av. Bilar køyrer opp og ned hovudgatene og tutar, folk jublar og viftar med zimbabwiske flagg. Andre igjen held opp bilete av hærsjefen Constantino Chiwenga og den avsette visepresidenten Emmerson Mnangagwa.

Feiring i Harare.

Feiringa er i gang i Harare etter at Robert Mugabe endeleg gav etter for kravet om å trekkje seg.

Foto: Marco Longari / AFP
Feiring i gatene i Harare.

Sivile og soldatar jublar saman over Mugabes avgang.

Foto: Tony Karumba / AFP

Gratulerer innbyggjarane

I den første offentlege fråsegna si etter avgangen, gratulerer Mnangagwa folket med at dei har greidd å presse Mugabe til å gå av etter 37 år ved makta.

 Emmerson Mnangagwa.

Emmerson Mnangagwa blir mest sannsynleg ny president i Zimbabwe. Det kan skje alt i morgon.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / AP

– Eg vil gratulere innbyggjarane i Zimbabwe med at dei har nådd denne historiske augneblinken. Saman skal vi sørgje for ein fredeleg overgang til eit nytt styre, som skal gi oss ein ny start, samhald og fred, seier han til avisa NewsDay.

– Eg ser fram til saman med innbyggjarane i Zimbabwe, å løyse dei økonomiske og politiske utfordringane vårt elska land står overfor. Gud signe Zimbabwe, legg han til.

Ein mann vi møter på gata i Harare er eit einaste stort glis. Han er på veg til å feire Mugabes avgang saman med venene sine.

– Dette er stort. Vi er svært glade, i dag er han endeleg ferdig, ropar han i det han forsvinn inn i folkemengda.

Og det er mange som han. No er dei endeleg sikre på at Mugabe går. Det har vore litt opp og ned dei siste dagane , men no ser det endeleg ut til at mannen som har styrt landet med jernhand sidan 1980. først som statsminister og seinare som president, har teke til fornuft.

Feiring i gatene i Harare.

Sivile og soldatar jublar saman over Mugabes avgang.

Foto: Tony Karumba / AFP

– Ny president i løpet av onsdag

Det er venta at Emmerson Mnangagwa (75) kjem til å bli teken i eid i løpet av eit par dagar.

Det var då Mugabe sparka Mnangagwa som visepresident at hærsjef Chiwenga greip inn og kravde at Mugabe skulle trekkje seg. Visepresidenten sjølv flykta frå landet då han vart avsett.

Dei fleste reknar med at årsaka til at han vart avsett, var at Mugabe ville ha den 41 yngre kona Grace Mugabe som ny visepresident. Dette provoserte leiarane i hæren.

Mnangagwa, som har fått tilnamnet Krokodillen, blir rekna for å vere ein av dei rikaste i Zimbabwe, og han har eit godt forhold til dei militære leiarane. Han har også vore tryggingsminister og forsvarsminister i landet, og han er kjent for å bruke harde metodar.

Forhandla til siste slutt

Robert Mugabe skal ha forhandla heilt til siste slutt med å sikre straffefridom for seg og familien, og for at ingen skal røyve den enorme formuen han har samla seg i åra han har vore president. Det skal vere snakk om verdiar for mange milliardar.

– Mugabe har ødelagt landet og må gå

Robert Mugabe avsatt som partileder

I kveld blir det også meldt at zimbabwarar busette i utlandet har starta feiringa. I Johannesburg i nabolandet Sør-Afrika har folk strøyma ut i gatene i hopetal for å danse og synge i glede over at den gamle frigjeringshelten Robert Mugabe endeleg har takka for seg.

SISTE NYTT

Siste nytt