Hopp til innhold

Presidentvalet skal rette opp i gamle synder

I Egypt skal folket velje ein ny president i dag. Etter at revolusjonistane ved Tahrir-plassen velta Hosni Mubarak frå trona i fjor, er det gjort feil på feil, meiner mange. I dag er sjansen til å snu det.

Egyptarar står i kø utanfor eit stemmelokale

VENTAR I KØ: I Kairo venta mange i lange køar til stemmelokala lenge før dei opna.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

– Eg er veldig nervøs, fordi eg veit ikkje om sluttresultatet vil verte bra eller dårleg for Egypt. Men vonleg vil demokratiet sigre til slutt, seier Gihad Amr til Associated Press.

Han er ein ung, engasjert egyptar som i morgontimane står klar til å gje si stemme ved eitt av mange stemmelokale i hovudstaden Kairo. Ei stemme som kan føre fjorårets revolusjonen eitt skritt fram – eller som kan ta egyptarane attende til start. Mange meiner det er gjort feil på feil gjennom revolusjonen.

Feil frå alle partar

– Alle har gjort feil. Militærrådet, aktivistane, Det muslimske brorskapet, den juridiske makta, dei politiske leiarane. Og det gjeld òg politiske analytikarar, skriv politisk analytikar, Marc Lynch.

Han peikar særleg på militærrådet, som har styrt Egypt til svært hard kritikk frå alle hald. Rådet tok makta etter den arabiske våren bles tidlegare president Hosni Mubarak ut av palasset. Lista er lang over dei feil som militærrådet har gjort, men dei valdelege reaksjonane på demonstrasjonar, og militære rettssaker mot sivile, ligg på toppen.

– Men éin ting skal militærrådet ha: dei held seg til den fastsette planen om maktoverføring, seier Lynch.

I Egypt er det òg mange som ser på demonstrantane som kaosmakarar. Tilhengjarar av det gamle regimet meiner Egypt og dei politiske leiarane må få tid på seg til å skape ro og stabilitet. Aktivistar hevdar dette er prat som vil gje makta attende til Mubaraks gamle vener.

Lynch peikar på at demonstrantane kan ha vore for optimistiske og overivrige i løpet av revolusjonen.

– Ved kvart tilbakesteg mangla demonstrantane perspektiv. Dei har slitt med å takle skuffelsane, og har reagert feil på gatene. Dette har ført til at mange har vendt seg mot dei, seier han.

Kamp mellom Mubarak-arv og Det muslimske brorskapet

I dag er det mange som vonar at alle feil skal rettast opp i.

Til saman er det 13 kandidatar, men det er berre fire av desse som er gjeve nokon sjanse i valet. To av dei er representantar for det gamle regimet, medan dei to andre er representantar for islamisme.

Amr Moussa, Mubaraks tidlegare utanriksminister og tidlegare leiar for Den arabiske liga, er venta å verte ein populær kandidat. Sjølv om han er frå det tidlegare regimet nyt han stor respekt blant mange egyptarar. Det høyrer med til historia at Moussa vart kasta ut av regjeringa fordi Mubarak meinte han var for populær, og frykta hans konkurranse.

Både Moussa og Ahmed Shafiq, Mubaraks siste statsminister, har profilert seg som kandidatar for stabilitet og sekularisme. Noko òg det gamle Mubarak-regimet stod for.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Abdel Moneim Abol Fotouh stemmer i valet

EIN AV FAVORITTANE: Den islamistiske presidentkandidaten Abdel Moneim Abol Fotouh gjev si stemme i valet i dag.

Foto: STRINGER / Reuters

Det muslimske brorskapet er den andre sterke krafta i dagens presidentval. Ein venta neste valrunde vil mest sannsynleg stå mellom éin av dei to representantane for det gamle regimet, og éin av to sterke islamistkandidatar.

Men Abdel Moneim Abol Fotouh og Mohamed Mursi er to ulike kandidatar. Abol Fotouh brøyt ut av Det muslimske brorskapet for å kunne stille i valet, og har ei brei gruppe støttespelarar. Han appellerer både til liberale islamistar og politiske aktivistar. I fjor var han ein av svært få politiske leiarar som deltok i protestane ved Tahrir.

Mohamed Mursi har derimot mindre støtte blant det breie lag av egyptarar. Han har profilert seg som ein konservativ islamist, og vil hente mykje stemmer frå dei meir konservative delene av Egypt – inkludert salafistane.

Folket skal velje fritt

Om militærrådet faktisk held sine lovnader til siste slutt, så vil egyptarane ha gått gjennom det fyrste frie valet nokon sinne. Gjennom den arabiske våren i fjor gjekk Egypt gjennom ei politisk oppvakning, og det er venta eit stort oppbod av veljarar i dag. 50 millionar egyptarar er klare til å velje, men ikkje alle er like entusiastiske til valet no.

Forfatter Nawal El Saadawi

KRITISK TIL VALET: Forfattar Nawal El Saadawi støttar revolusjonen, og meiner dagens presidentval går imot det egyptarane kjempa for på Tahrir i fjor.

Foto: Murdo Macleod / Murdo Macleod

– Eg var imot parlamentsvalet, og denne gongen vil eg heller ikkje delta i presidentvalet, seier Nawal El Saadawi til SVT.

Den kjende forfattaren understrekar at ho støttar revolusjonen, og at den var ein suksess. Men ho fryktar at dei sterke religiøse kreftene skal ta over den revolusjonen som vart skapt av andre på Tahrir. Og kreftene som er der no står i vegen for revolusjonen vidare, meiner ho.

– Me fjerna Mubarak, men hans regime er framleis der. Media og alle institusjonane i Egypt høyrer framleis til Mubarak, avsluttar ho.

Det står att å sjå om valet i dag kan rette på dei feil som er gjort i løpet av revolusjonen.

SISTE NYTT

Siste nytt