Hopp til innhold

Svensk gjengvald slår ut i bustadprisar og skulekarakterar, seier forskar

63 menneske vart drepne i skyting i Sverige i 2022. Det verkar inn på bustadprisar og skulekarakterar, seier forskar.

Skyting utenfor MacDonalds i Vällingby i Stockholm 2. jan 2023

I alt tre menneske vart skotne utanfor ein MacDonalds-restaurant i Vällingby i Stockholm nyttårsaftan. Eit av skotoffera døydde av skadane.

Foto: Fredrik Sandberg / TT / NTB

Dødstala etter skyting i Sverige gjorde eit hopp i fjor. Talet er markant høgare enn i nabolanda Noreg, Danmark og Finland. Utviklinga er også markant annleis enn i 21 andre europeiske land.

Det siste drapet skjedde laurdag, få timar før året ebba ut. Under nyårsfeiringa vart ein mann i 20-årsalderen skoten i Vällingby nordvest i Stockholm. Drapet skjedde rett framfor den lokale MacDonalds-restauranten i 18.30-tida. Politiet meiner det var fleire som skaut.

Ifølgje Aftonbladet skal gjerningspersonane ha skote opp nyttårsrakettar under ugjerninga for å skape forvirring. Fleire av vitna fordel at dei trudde dei høyrde fyrverkeri.

Politiet kopla raskt drapet til ein konflikt mellom kriminelle gjengar i området, ifølgje SVT sine kjelder. Ingen er så langt arresterte for skytinga.

Drapet i Vällingby laurdag er det 63. i Sverige i fjor som er utført med skytevåpen. Berre i romjula var det tre slike drap. Det er eit kraftig hopp oppover frå nivået dei seinaste åra.

SVT har kartlagd skytingar og drap i Sverige dei siste fem åra, fordelt på område. Ifølgje offisiell statistikk står skytevåpen for rundt 40 prosent av drapa i Sverige.

Les meir Tre tiår med drap og dødeleg tausheit

Opptøyer i malmö

Rapartist peika ut

Valden har halde fram gjennom nyttårshelga. Natt til måndag var det to nye eksplosjonar i Stockholms-området.

På morgonkvisten måndag vart ein fleirmannsbustad i Grimsta nordvest i hovudstaden ramma av eit kraftig smell. Litt seinare eksploderte ein mindre innretning i Bagarmossen sør i byen.

Ingen vart skadde i desse eksplosjonane, men politiet trur dei var retta mot namngitte personar.

I alt fem menneske er arresterte og mistenkt for ulike lovbrot i samband med hendingane i Grimsta og Bagarmossen.

Les meir Flere eksplosjoner i Stockholm - mistenker kobling til drap på to rapartister

2ZLd-sm7a_U

Ifølgje SVT er ein kjend rapartist mellom dei som er gripne. Han er tidlegare straffedømd. I huset i Grimsta der den eine eksplosjonen skjedde, er ein annan kjend rapartist busett.

Politiet undersøker no om eksplosjonane kan ha samanheng med skytinga laurdag.

Blomster og lys på stedet der den svenske rapartisten Einar ble skutt 25. okt. 2021

Blomar og lys på staden der den svenske rapartisten Nils Einar Grönberg vart skoten i 2021.

Foto: Jessica Gow / AP

Trur maktvakuum ligg bak

Manne Gerell som er førsteamanuensis i kriminologi ved Malmö universitet, seier til NRK at det ikkje er opplagt kva som ligg bak valdsspiralen.

Ein hypotese er at politiet sine avsløringar av kriminelle nettverk har skapt ubalanse og maktvakuum.

Mange høgt oppe i det kriminelle nettverket vart fengsla etter at politiet klarte å skaffe seg tilgang til innhald i krypterte appar som EncroChat i 2020, seier han.

Store narkotikabeslag kan og ha leidd til eit auka konfliktnivå og gjeld som kan føre til vald. Samtidig har det blitt vanlegare at det er fleire enn ein person som skyt, og at det vert skote fleire skot. Fleire drap verkar betre planlagde. Det driv opp dødstalet.

Påverkar bustadprisar og karakterar

Det er og ein tendens til yngre gjerningsmenn og yngre offer. Ofte er det tenåringar som skyt andre tenåringar,

Manne Gerell meiner at gjengvalden påverkar heile samfunnet.

Dei som bur i bustadområde der det er mykje skyting blir redde og flyttar, og det verkar inn på bustadprisen.

Det kan og påverke mental helse og skuleprestasjonar for barn som veks opp under slike tilhøve, seier han til NRK.

Skyting på kjøpesenteret Emphoria i Malmö 19 aug 2022. Evakuerte mennesker på gata

Midt i den svenske valkampen vart ei kvinne skoten i hel på kjøpesenteret Emphoria i Malmö.

Foto: Johan Nilsson/TT / NTB

Tema i valet

Skytingar og gjengkriminalitet var og eit av dei store spørsmåla då Sverige gjekk til val sist haust. Allereie då låg det an til å bli ein dyster rekord i antal drap med skytevåpen.

Særleg Moderaterna og Sverigedemokraterna køyrde hardt på at det måtte eit regjeringsskifte til for å få bukt med problema.

Før valet la Moderaterna-leiar Ulf Kristersson an ei knallhard line:

– Ei ny regjering vil jakte på desse menneska til dei alle blir sperra inne eller utviste frå landet, kompromisslaust og omsynslaust. Desse gjengane skal bort frå Sverige, sa han til Göteborgs-Posten i september.

Sjølv om dei fleste drapa skjer i lukka miljø, hender det og at tilfeldig forbipasserande blir ramma. Til dømes då ein forbipasserande kvinne vart skadd då ein mann vart drepen på kjøpesenteret Emphoria i Malmö.

Eller då ei kvinne og eit barn vart skadde av skot på ein leikeplass i Eskilstuna. Begge hendingane skjedde i august og prega den svenske valkampen.

Les meir Sønnen (4) ble truffet av skudd i Sverige: – Det er ingen trygghet lenger

Kvinne og barn skutt

Trur han skal få ned tala

No sit Moderaterna-leiar Ulf Kristersson øvst ved regjeringsbordet. Veljarane vil vite korleis han skal få ned gjengkriminaliteten, slik han lova.

22. desember la han fram ei rad tiltak frå regjeringa. Dei vil mellom anna greie ut å:

  • Opprette visitasjonssoner i utsette område, der alle som oppheld seg kan bli stoppa og ransaka av politiet.
  • Tillate anonyme vitnemål i rettssalen, slik at dei som vert utsett for eller ser kriminalitet, kan vitne anonymt. Tiltaket er meint å bryte tausheitskulturen som er i kriminelle miljø.
  • Gje kommunane hovudansvaret for kriminalitetsførebygging i sitt område.
  • Seinke aldersgrensa for når barn kan bli fanga opp av sosialtenesta for å hindre rekruttering til kriminelle gjengar.

Kristersson seier han trur det går å snu utviklinga.

Dei organiserte gjengane kjem ikkje til å like dette. Dei kjem til å gjere motstand. Men vi må vise at det er staten som har kontroll, sa Kristersson under presentasjonen. Han kalla det «eit paradigmeskifte».

Han streka under at det kjem til å ta tid, og det kjem til å vere vanskeleg. Men han sa og at han hadde tru på at det går an å endre på dette.

– Eit isfjell

Justisminister Gunnar Strømmer samanlikna utviklinga med eit isfjell.

– Drapa er toppen av eit isfjell, der vald og organisert kriminalitet har slått djupe røter i samfunnet, sa Strømmer.

Han varsla at Justisdepartementet skal få ei eiga spesialavdeling som skal samordne kampen mot kriminalitet.

Meir politi og hardare straffar

Manne Gerell

Manne Gerell

Foto: Privat

Manne Gerell trur og at det skal vere mogleg å snu utviklinga.

Men då må politiet få fleire ressursar og verktøy.

Det trengst meir satsing på førebygging, i tillegg til dei satsingane som alt er gjorde, som hardare straffar, fleire verktøy for politiet og fleire politifolk, seier Gerell til NRK.

Han trur at tiltaksplanen som regjeringa la fram like før jul, kan få «ein viss effekt».

– Eg trur det moglegvis kan bidra litt, men den fokuserer primært på fleire verktøy for politiet.

Det kjem ikkje i seg sjølv til å vere tilstrekkeleg, seier han.

19 verstingområde

I ein politirapport frå oktober i 2021 beskreiv svensk politi 61 «sårbare område», spreidd over fleire deler av Sør-Sverige, med tyngde i og rundt Stockholm. Sårbare område er geografisk definerte område preget av lav sosioøkonomisk status, der kriminaliteten pregar lokalsamfunnet.

Politiet peikte ut 19 område som «spesielt utsette område». Det vil si område der den kriminelle påverkinga er aller størst.

Disse områda vart skildra som «vanskelege eller nesten umoglege» for politiet å gjere oppdraget i. Situasjonen vart i 2021 skildra som akutt.

SISTE NYTT

Siste nytt