Hopp til innhold
Urix forklarer

Den tilskitna arven etter Mandela

Arveoppgjer som går gale er sjeldan eit vakkert syn. I sørafrikansk politikk er Nelson Mandelas arvtakarar i ferd med å miste jerngrepet etter år med skandalar.

Ei kvinne sel frukt utanfor eit vallokale i Sør-Afrika.

Domstolen i Johannesburg har sagt at Jacob Zuma ikkje får stille til val. Likevel er det hengt opp plakatar av han ved stemmelokala, og namnet hans står på stemmesetelen.

Foto: Emilio Morenatti / AP

Dei fleste har sett bileta av det verdskjente fredsikonet, med handa i vêret og smilebanda langt opp mot øyra.

Jubelen for Nelson Mandela tek aldri slutt, ein mann som skapte demokrati og rettferd i eit land prega av systematisk rasisme frå eit kvitt mindretal.

Nelson Mandela med knyttneven i lufta

Nelson Mandela sat fengsla for motstandsarbeidet omt apartheidregimet i 27 år. I 1994 vann han det første demokratiske valet i landet.

Foto: Walter Dhladhla / AFP

Men Mandela er død. Og hans etterfølgarar har langt frå den same heltestatusen.

Besteforeldras parti

Fleirtalet av dagens sørafrikanarar hugsar ikkje då den første svarte presidenten i Sør-Afrika vart vald. For no er det 30 år sidan året som inneheldt både OL rundt Mjøsa, folkemordet i Rwanda og Mandelas store triumf.

Det er stort sett berre Sør-Afrikas besteforeldregenerasjon som kjenner til korleis det er å leve i eit samfunn kor det å ha ein annan hudfarge enn kvit fører til systematisk diskriminering.

For med Mandela i spissen klarte heltane frå ANC (African National Congress) å kaste apartheid dit apartheid høyrer heime - på historias skraphaug.

Sidan den gong har sørafrikanarar i alle tenkelege hudfargar vore i djup takksemd, og gitt ANC fornya tillit gong på gong gjennom 30 år.

Men no kan historie vere i ferd med å bli skriven i Sør-Afrika.

For sørafrikanarane som ikkje hugsar 1994, har sett ei ganske anna side av ANC enn sine forfedre.

Det er ikkje fridom og demokrati som er stikkorda no. Korrupsjon og intern splid er det som skapar overskrifter.

President Ramaphosas håp

Cyril Ramaphosa håper på fornya tillit, men han risikerer å bli den første partileiaren som fører ANC under 50-prosentgrensa.

Cyril Ramaphosa vinker og står på ei scene

Cyril Ramaphosa blei innsett so landets president i 2018, etter at dåverande president Jacob Zuma måtte gå.

Foto: Rajesh Jantilal / AFP

Ramaphosa var med på å kaste ut Jacob Zuma frå ANC, og han lova å få landet tilbake på rett kjøl etter fleire turbulente år med Zuma som president.

Han har teke opp kampen mot korrupsjon, men framgangen har ikkje vore god nok til å overtyde folket.

Arbeidsløysa er framleis stor, dermed er også fattigdom og kriminalitet problem sørafrikanarane må leve med. Og at også Ramaphosa vart innblanda i korrupsjonssaker, akkurat som forgjengar Zuma, skada omdømmet ytterlegare.

Les også Skjebneuke for Sør-Afrikas president - innblandet i oppsiktsvekkende røverhistorie

Cyril Ramaphosa

Tilliten til ANC har difor halde fram med å falle. Og no kan det for første gong bli ei regjering beståande av fleire parti enn berre ANC.

At fleire parti får styre, treng ikkje vere ein dum ting for Sør-Afrika, men det er heilt upløgd mark.

Samlingsregjering?

Når stemmene skal kastast i urnene denne veka, så er det ingen av partia som går til val på samarbeid med andre. Så om ANC får færre enn halvparten av seta i parlamentet er det ganske uklart kven dei skal samarbeide med.

I teorien kan alle opposisjonspartia samle seg og skyve ut ANC, men dei er for ulike til at det står fram som den mest realistiske løysinga.

kvinne legg stemme i boks

Årets val blir landets sjuande demokratiske val.

Foto: Gianluigi Guercia / AFP

Det etablerte opposisjonspartiet Democratic Alliance (DA), med sin liberale økonomipolitikk er ein mogleg samarbeidspartnar for ANC. Dei har mykje støtte i Cape Town kor dei styrer lokalt. DA ønsker mellom anna meir privatisering av økonomien.

Ein annan moglegheit er å samarbeide med Economic Freedom Fighters, eit parti ute på venstre fløy med kommunistiske tendensar og ein partileiar som tidlegare var ungdomsleiar i ANC.

Blant mange i finansverda vert eit samarbeid mellom ANC og EFF eit skrekkscenario.

I motsetnad til DA, ønskjer EFF seg ein sterk stat. Dei har mellom anna eit ønske om jordreform, der tanken er at jorda tilhøyrer folket og ikkje kvite farmarar.

hus med "free gaza" tagga på seg. mann med hatt sitt utanfor

ANC har vore tydeleg pro-palestinske i valkampen. Opposisjonspartiet Democratic Alliance (DA) har halde seg meir nøytrale.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Difor vil EFF at staten skal overta jorda, men skepsisen er stor fordi ein liknande reform skjedde i nabolandet Zimbabwe, og det skjedde på ein måte som bidrog sterkt til å øydelegge økonomien.

Uansett samarbeid, så vil ANC framleis ha såpass stor oppslutning at endringane for folk ikkje vil bli like store som det kan sjå ut som. Verken DA eller EFF er venta å få nok oppslutning til å kunne gjennomføre fundamentale endringar.

Men eit regjeringssamarbeid vil vere ei ny og ukjend øving for Ramaphosa og partiet hans. For det er ikkje slik at ANC ikkje er vane med å måtte bere sprikande staur.

Ringrev og utfordrar: Jacob Zuma

Han er hata og elska.

Mange i Sør-Afrika toler knapt å sjå ansiktet til Jacob Zuma utan å bli sint, men om dei skal stemme på onsdag, så vil dei sjå Jacob Zuma smile til dei på stemmesetelen.

Det oppsiktsvekkande er at han likevel ikkje kan bli vald inn i parlamentet, fordi i førre veke, etter at stemmesetlane var distribuerte, slo ein domstol fast at Zumas fortid som straffedømd hindrar han frå å stille til val.

Zuma var leiar og president for ANC gjennom mange år. Men som andre store parti, har også ANC hatt ulike fløyer og maktkampar.

poster av jacob zuma blir rulla ihop

Ein dostol har slått fast at Jacob Zuma ikkje kan stille til val. Likevel står han på stemesetelen.

Foto: Emilio Morenatti / AP

Avskalingar har det vore fleire av, og den aller siste utbrytargruppa med Zuma i spissen er sterkt medverkande til å bikke ANC under 50-prosentgrensa.

Jacob Zuma har stifta sitt eige parti, uMkhonto we Sizwe, og har som hovudmål å ta hemn og stikke kjeppar i hjula for president Ramaphosa.

Og Zuma manglar ikkje støttespelarar. I KwaZulu-Natal-regionen hentar Zuma støtte frå andre som tilhøyrer folkeslaget hans: Zuluane.

demonstranter viser plakat av Zua

Jacob Zumas tilhengarar møtte fram utanfor domstolen i Johannesburg då det blei vedtatt at han ikkje får stille til val.

Foto: Ihsaan Haffejee
 / Reuters

Ved å spele på ein slags zulu-nasjonalisme, der lokale tradisjonar blir trekte fram og populistiske saker vert lagt vekt på, samlar han støtte blant dei som meiner Zuma har vore utsett for heksejakt.

Den gamle ringreven har vore innblanda i mange skandalar, både korrupsjonssaker og valdtektsskuldingar. Men uMkhonto we Sizwe kan likevel få opp mot 10 prosent av stemmene. Det vil i så fall vere med på å vippe ANC under 50-prosentgrensa.

FILE PHOTO: South Africa's President Jacob Zuma leaves announces his resignation at the Union Buildings in Pretoria

Zuma stilles for retten anklaget for korrupsjon

Kva kan skje?

Veldig mykje er uklart rundt valet i Sør-Afrika. Meiningsmålingane er vanskelege å stole på, fordi mange nye parti har vakse fram, og det historiske talgrunnlaget er dermed for lite til at talknusarane kan vere sikre på tala dei har rekna seg fram til.

Skulle ANC få mindre enn halvparten av seta, er det også vanskeleg å vite kven dei skal samarbeide med, og kva utslag det får for politikken.

Kanskje kan dei klare seg med å samarbeide med småparti, men bikkar dei under 45 prosent må dei kanskje inngå samarbeid med store opposisjonsparti.

Går dei mot ECC og venstre, så kan statleg eigarskap bli meir vanleg, og kvite farmarar kan risikere ein debatt om kven som eigentleg eig jorda deira.

Går ANC mot DA og sentrum, så kan den økonomiske politikken bli endra, i retning av meir privatisering.

Det som uansett er klart er at ANC vil sitte med mykje makt også framover, og at Sør-Afrikas største utfordringar er dei same som dei har vore lenge: Det må skapast jobbar for å få folk ut i arbeid, noko som igjen kan hjelpe til med å overvinne fattigdom og kriminalitet.

Å få orden på det statlege straumselskapet, som vart øydelagd av korrupsjon under Jacob Zuma, er også viktig. I dag vert straumen slått av fleire timar til dagen på grunn av dårleg straumnett og straummangel.

Også andre statlege selskap er øydelagd av korrupsjon, og treng betre styring for å fungere godt framover.

Kanskje er det berre sunt at eit parti ikkje sit med all makt i eit land kor det eigentleg er innført eit fleirpartisystem.

Spørsmålet er berre om dette er starten på ANCs nedgang, eller om Mandelas arvingar vil klare å bli einige om ein veg framover og bygge opp att tilliten blant nye generasjonar.

I Sør-Afrika gjer mange eit poeng ut av at «Mandela er død», og at det er viktigare å sjå framover i tid, enn bakover på historia.

Men sjølv om helten er død, så er altså demokratiet han kjempa fram sprell levande.

SISTE NYTT

Siste nytt