Hopp til innhold

Nytt håp for Eman og døtrene

Den syriske asylsøkjaren Eman og døtrene hennar får bli i Noreg inntil vidare etter at Noas engasjerte seg i utvisingssaka.

Eman med barna sine

Asylsøkjarane Eman og dei to døtrene hennar er fredag i gledesrus over beskjeden om at dei ikkje risikerer å bli returnerte til Italia før UNE har vurdert eit omgjeringskrav. – Frå Italia har me berre vonde minne, dit vil me aldri tilbake, seier Eman til NRK.

Foto: Daniel Jacobsen / NRK

NRK fortalde i juni om den syriske tobarnsmora Eman. Ho kom til Noreg som asylsøkjar i oktober i fjor etter å ha flykta frå den blodige borgarkrigen i heimlandet Syria.

Til tross for at Eman er åleinemor, har sysken i Noreg og at ho og døtrene har omfattande helseplager, blei søknaden avslått, først av UDI og deretter i klageinstansen Utlendingsnemnda (UNE).

Fredag fekk Eman den gledelege beskjeden om at UNE utset iverksetting av retur.

– Eg og døtrene mine er svært glade for dette. Det betyr så mykje for oss å kunne føla oss trygge. Jentene er nervøse og spør meg om politiet kjem og tek oss. Me vil takka Noas og alle andre som har hjelpt oss, seier Eman til NRK.no fredag kveld.

Konstant frykt

Fortvilinga har vore stor i den syriske familien. Dei siste 70 dagane har Eman levd i konstant frykt for å bli henta av politiet og tvangssend ut av landet utan forvarsel.

Utsetjinga i UNE skjer etter at Norsk organisasjon for asylsøkjarar (Noas) fremja eit krav om omgjering av avslaget på asylsøknaden.

– Dette er ei fornuftig og rimeleg avgjerd. Me meiner det i utgangspunktet hadde vore naturleg å bruka skjønn og gjera unntak i denne saka og i liknande saker, seier juridisk rådgjevar i Noas André Møkkelgjerd.

André Møkkelgjerd

André Møkkelgjerd i Noas er glad for at UNE vil vurdera kravet deira i Eman-saka, men ventar på endeleg avgjerd før han slepp jubelen laus.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Eman er ein av 262 syriske flyktningar som sidan 2011 har fått avslag frå UDI, fordi dei var innom eit anna europeisk land på vegen hit. Dermed kan dei ifølgje Dublin-avtalen sendast tilbake til det landet dei først var registrerte i.

Både Norsk organisasjon for asylsøkjarar (Noas), Norsk Folkehjelp og Amnesty International Norge krev at alle Dublin-returar av syrarar blir stansa.

I Noas er dei glade for å ha blitt høyrt i Eman-saka, men held tilbake gledesropa.

Vonde minne frå Italia

Utsetjinga må ikkje tolkast som ein indikasjon på at Eman og døtrene får endeleg opphald, påpeikar Møkkelgjerd.

– Den siste utviklinga i saka er veldig positiv, men det står att å sjå kva den endelege dommen blir, seier han.

Eman fortel at ho og borna manglar både pengar og tak over hovudet. No vil kvinna be UDI om plass på asylmottak til seg og døtrene fram til UNE har teke stilling til omgjeringskravet.

– Me har ingenting og treng all den hjelpa me kan få vidare for å få lov til å bu i Noreg. Det er her eg har syskena mine, og Noreg verkar som eit trygt og godt land å bu i. Frå Italia har me berre vonde minne, dit vil me aldri tilbake, seier Eman.

SISTE NYTT

Siste nytt