Hopp til innhold

Tilbyr mellombels budsjettløysing i USA

Republikanarane opnar for ei mellombels løysing som kan kjøpe amerikanarane litt meir tid til å forhandle vidare om ei løysing på budsjettkrisa i landet.

US-POLITICS-ECONOMY

John Boehner skal i dag møte Barack Obama for å diskutere budsjettkrisa i USA. Med seg har han eit forslag til ei mellombels løysing som kan føre til at USA kan heve gjeldstaket, slik Obama ønskjer.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Republikanarane sin talsmann i Representantane sitt hus, John Boehner, seier ifølgje nyheitsbyrået AP at han vil tilby Obama ein avtale som kan heve USAs gjeldstak, slik at det er mogleg for den amerikanske regjeringa å låne meir pengar. Republikanarane har til no stoppa alle forsøk på å heve gjeldstaket i USA.

Partileiarane hos Republikanarane skal i dag møte president Obama, og dei andre leiarane hos Demokratane, for å diskutere ei mogleg løysing på krisa. Der vil altså Boehner leggje fram forslaget som opnar for at USA kan auke gjelda si i seks veker til.

Då Boehner i dag fortalde sine partifellar kva han ville føreslå for Demokratane, la han til at Obama må få ein slutt på situasjonen som pregar USA i desse dagar, der så mange som ein million offentlege tilsette er permitterte frå jobbane sine, og at Obama må starte å ta tak i det han kalla USA sitt påtrengjande gjeldsproblem.

– Det er uaktuelt for oss å gå med på å heve gjeldstaket før me diskuterer kvifor USA stadig må låne meir pengar, sa Boehner i går.

No har han altså likevel gitt grønt lys til ein mellombels avtale, som kan gi dei to partane meir tid til å forhandle fram ei løysing.

Talsmenn i Det kvite hus seier Obama er open for å vurdere forslaget, og at det er i hans interesse å auke gjeldstaket for ein så lang periode som mogleg.

US-GOVERNMENT-SHUTDOWN-FORCES-CLOSURES-IN-NATION'S-CAPITOL

Ein parktilsett ved World War II Memorial i Washington henger opp skilt som fortel at toalettet er stengt grunna budsjettkrisa.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt