NRK Meny
Normal

USA sender soldatar etter nytt journalist-drap

Barack Obama sender ytterlegare 350 soldatar til Irak for å beskytta amerikanarar som oppheld seg i Bagdad, etter publiseringa av ein ny drapsvideo frå IS.

Barack Obama

Presidenten i USA Barack Obama sender forsterkningar til Irak etter at nok ein amerikansk journalist skal vera avretta av ekstremistane i Den islamske stat (IS).

Foto: Charles Dharapak / Ap

Steven Sotloff i arbeid i Libya.

Den amerikanske journalisten Steven Sotloff i arbeid i Libya. Han har tidlegare jobba for prestisjetunge magasin som Time, The National Interest og Foreign Policy og for fjernsynsstasjonane CNN og Fox.

Foto: Renar Petersons
John Kerry på USA sin ambassade i Bagdad, Irak

Utanriksminister John Kerry helsar på amerikanske marinesoldatar under eit besøk på USA sin ambassade i Bagdad, Irak den 23. juni 2014.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / Afp

I tillegg reiser utanriksminister John Kerry og forsvarsminister Chuck Hagel til Midtausten for å styrkja kampen mot opprørsgruppa IS og «byggja eit sterkare partnarskap i regionen», opplyser Det kvite hus.

Ordren kjem etter at det tysdag blei publisert ein video der Den islamske stat (IS) avrettar nok ein amerikansk journalist med kniv.

Propagandavideoen viser tilsynelatande drapet på Steven Sotloff. Den 31 år gamle frilansjournalisten blei bortførd i Aleppo i Syria i fjor.

Bøddelen åtvarar med britisk aksent USA mot å halda fram med sine luftåtak mot IS-kontrollerte område i Irak.

Amerikanske styresmakter slår onsdag fast at videoen er ekte.

Skal beskytta amerikanarar

Journalisten Sotloff jobba blant anna på oppdrag frå det prestisjetunge nyheitsmagasinet Time. Time-redaktør Nancy Gibbs fortel at redaksjonen er sjokkert og i djup sorg over drapet.

– Steven var ein verdsett bidragsytar til Time og andre nyheitsaktørar. Han ofra livet sitt slik at lesarar kunne få tilgang til informasjon frå nokre av dei farlegaste plassane i verda. Våre tankar og bøner går til han og familien hans, seier Gibbs i ei kunngjering.

Den ekstremistiske sunnimuslimske gruppa IS har erobra store område i Irak og Syria, og erklært opprettinga av eit islamsk kalifat.

Etter ønske frå irakiske styresmakter har amerikanske jagarfly utført over 100 bombeåtak og over hundre amerikanske spesialsoldatar har fått i oppgåve å redda Jezidi-minoriteten, som no blir slakta ned på brutalt vis av IS.

Talet på amerikanske militære som skal beskytta USA sine interesser i Bagdad er inkludert dei siste forsterkingane oppe i 820, opplyser det amerikanske forsvarsdepartementet i ei pressemelding.

Ingen av desse skal delta i kamphandlingar.

To amerikanske offer på kort tid

James Foley

Ein video publisert på internett i august viser halshogginga av den amerikanske journalisten James Foley. Foley har vore sakna sidan 2012.

Foto: Nicole Tung / Ap

Seinast i august blei ein annan amerikansk journalist, James Foley, avretta på same vis som Sotloff. Denne videoen, med tittelen «Ein bodskap til Amerika», er stadfesta som ekte.

Bøddelen viste der fram sitt neste offer, Sotloff, og sa at lagnaden hans var avhengig av om USA kom til å fortsetja å bomba Irak.

Nat ttil søndag førre veke bomba amerikanske jagarfly i samarbeid med irakiske soldatar den irakiske byen Amerli og braut den over to månader lange kringsetjinga til IS.

I videoen som kom tysdag, blir det på same måte framsett trugsmål mot den britiske hjelpearbeidaren David Haines, som også blir halden fanga av IS.

FN og Brende fordømmer

Britiske styresmakter seier til BBC at dei vil sjå på alle moglege måtar å beskytta det britiske IS-gisselet på.

Generalsekretæren i FN, Ban Ki-moon, seier onsdag at verda er i sjokk og fordømmer dei groteske drapa.

– Me er alle forferda over rapportane frå Irak om IS sine brutale drap på sivile, inkludert gårsdagens brutale halshogging av enda ein journalist. Eg fordømmer på det sterkaste slike avskyelege ugjerningar og nektar å akseptera at heile samfunn blir truga på grunn av det dei trur på, seier FN-sjefen til nyheitsbyrået AFP.

Også den norske utanriksministeren Børge Brende (H) fordømmer Sotloff-drapet og kallar det avskyeleg.

– Dette er nok eit døme i rekkja av avskyelege handlingar som IS har stått bak, seier Børge Brende til NTB onsdag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt