Hopp til innhold

USA-konvoi angripen i Pakistan

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I Pakistan er ein person drepen og ti såra etter at ei bilbombe eksploderte i Peshawar. Åtaket var retta mot ein konvoi frå det amerikanske konsulatet.

Ein forbipasserande motorsyklist mista livet og 11 personar vart skadde. Ni av dei skadde er pakistanarar, medan to er av utanlandsk opphav, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Ingen amerikanarar skal vera alvorleg såra.

Åtaket skjedde på hovudvegen i den nordvestlege byen. Ein bil som stod parkert på sida av vegen sprengde i det den amerikanske konvoien passerte.

Den eine av dei to bilane til konsulatet vart kasta inn i ei straummast som følgje av eksplosjonen.

Den pakistanske greina av Taliban har teke på seg ansvaret for bomba.

Førre veke vart 80 personar drepne i eit Taliban-åtak som skulle hemna likvideringa av bin Laden.

SISTE NYTT

Siste nytt