Hopp til innhold

USA: - Stoltenberg-regjeringa set NATO i fare

Noreg sitt engasjement for å få opp eit sikkerheitspolitisk samarbeid i Norden vekkjer uro blant amerikanarane, viser eit hemmelegstempla telegram som WikiLeaks har publisert.

Kristin Halvorsen (SV) og Jenst Stoltenberg (Ap)

USA fryktar at ei venstrevridd norsk regjering skal setja NATO-samarbeidet på spel. SV gjev klart uttrykk for at dei vil ha Noreg ut av NATO.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

I telegrammet, som ikkje var meint for offentleg innsyn, skriv ein diplomat ved den amerikanske ambassaden i Stockholm at Noreg, Sverige og Finland si nye interesse for eit nordisk forsvarssamarbeid skaper blanda reaksjonar frå amerikansk side, ifølgje Svenska Dagbladet.

– NATO i fare

Varslarnettstaden WikiLeaks offentleggjer mange tusen dokument som USA sine diplomatar har send tilbake til Washington. Det dreier seg blant anna om vurderingar av leiarane i landa og situasjonane der.

I notatet frå den amerikanske ambassaden i Oslo datert 3. november 2008, uttrykkjer USA frykt for at den raudgrøne regjeringa vil gje opp sitt «tradisjonelt sterke transatlantiske band til og fokus på NATO».

Dette vil kunne svekkje NATO sin nordlege flanke», heiter det i dokumentet.

På den andre sida ser også USA moglegheiter for kunne påverka eit eventuelt samarbeid mellom dei nordiske landa, slik at dei «styrkar sin kapasitet og aukar sin innsats i globale konfliktområde - enten gjennom EU eller NATO».

– Forstår at USA er uroa

SV er det mest NATO-skeptiske partiet på Stortinget.

«SV er for norsk utmelding av NATO og vil derfor arbeide for en ny alliansepolitikk for Norge, og for alternativer til NATO-medlemskapet», heiter det blant anna i dagens SV-program.

Vidare i programmet står det at:

«USA er en imperialistisk stormakt som setter egne strategiske og økonomiske behov foran hensynet til fred og utvikling mange steder i verden. Aggressiv utenrikspolitikk fra USA er en av årsakene til flere av verdens mest betente konflikter (...) Norge er derfor tjent med å gjøre seg mer uavhengig av USA.»

Utanrikspolitisk talsmann for Framstegspartiet, Morten Høglund seier til VG at Frp har vore redde for at SV vil bruka sin posisjon i regjeringa til å svekkja NATO-medlemskapet.

– Eg forstår at amerikanarane er uroa, seier Høglund.

Slår tilbake

Heikki Holmås (SV)

Heikki Holmås (SV) meiner USA er meir opptekne med krigføring i Midtausten enn av å støtta sine allierte i NATO. Då må Noreg sjå seg om etter nordiske alliansepartnerar, seier Holmås.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Heikki Holmås er leiar for Oslo SV, stortingsrepresentant og medlem i Stortinget sin delegasjon til den parlamentariske forsamlinga i NATO.

Han slår hardt tilbake mot kritikken frå Frp.

– Frp lever framleis i den kalde krigens dagar. For å beskytta norske interesser og sikkerheit er det ekstremt viktig at me finner nordiske alliansepartnerar og ikkje baserer oss på at USA kjem og reddar oss, seier Holmås til NRK.no.

Han legg ikkje skjul på at partiet SV har ei svært kritisk haldning til Noreg sitt NATO-medlemskap, men understrekjer at regjeringa har vedteke ein sikkerheitspolitikk som baserer seg på NATO-medlemskap.

– Dette har regjeringa stått for i heile perioden, seier Holmås til NRK.no.

– Kan ikkje rekna med USA

Stortingsrepresentanten og SV-politikaren meiner likevel det er riktig av Noreg å sjå i retning av ein nordisk solidaritetserklæring.

– USA har det siste tiåret brukt meir og meir av kreftene sine utanfor NATO-samarbeidet. Dei har teke augo vekk frå Europa til fordel for folkerettsstridig krigføring i Irak og Afghanistan, meiner Holmås.

– Då er det heilt riktig og naturleg av Noreg å styrka nordisk samarbeid for å verna om sikkerheitspolitiske interesser i nærområda. Noko anna ville vore uansvarleg politikk, legg SV-toppen til.

Kan få nordisk avtale i april

Det var tidlegare utanriksminister Thorvald Stoltenberg som la fram forslaget om eit nordisk sikkerheitssamarbeid i ein rapport i 2009.

Thorvald Stoltenberg foreslår i rapporten at dei nordiske landa bør gå saman om ein nordisk innsatsstyrke som kan setjast inn i statar prega av krise eller stor indre uro.

Ei slik solidaritetserklæring kan bli underteikna på det nordiske utanriksministermøtet i Helsingfors i Finland i april neste år.

Noverande utanriksminister, Jonas Gahr Støre er positiv til eit nordisk samarbeid, men har understreka at Noreg ikkje må inngå avtalar som svekkjer NATO-medlemskapet.

SISTE NYTT

Siste nytt