Hopp til innhold

USA aukar presset på Iran

USAs president Barack Obama lovar å auke presset på Iran, og håpar å få Kina med på nye sanksjonar mot den islamske republikken.

Barack Obama

Barack Obama vil auke presset

Foto: Jim Young / Scanpix/Reuters

Obama sa i eit intervju med CBS langfredag at dersom Iran skaffar seg teknologien til å lage atomvåpen, sjølv om dei ikkje gjer seg nytte av teknologien, vil det destabilisere heile Midtausten og skape eit regionalt våpenkappløp.

LES OGSÅ: Kina vil diskutere Iran-sanksjonar

Møte i New York

Obama snakke i natt norsk tid på telefon med den kinesiske kollegaen sin, Hu Jintao, og dei to diskuterte det iranske atomprogrammet. Kina har sagt seg viljug til å delta på eit møte i New York komande veke for å prøve å få til ein resolusjon i Tryggingsrådet om nye sanksjonar mot Iran.

I intervjuet med CBS sa Obama blant anna at Iran blir meir og meir isolert internasjonalt på grunn av atomprogrammet.

Irans forhandlingssjef i atomspørsmål, Saeed Jalili, vitja Beijing i dag for å prøve å få kinesarane til ikkje å støtte USAs krav om nye sanksjonar mot landet. Jalili åtvarar dei vestlege landa mot å true Iran med nye sanksjonar, og sa at korkje truslar eller sanksjonar vil hindre landet i å gjennomføre sine atom-ambisjonar.

Kan stanse forhandlingar

Han sa at det ikkje blir aktuelt med vidare forhandlingar mellom Iran og Vesten, om det ikkje blir slutt på truslane om sanksjonar.

Både USA og Israel har gjort det klart at dei ikkje utelukkar å gå til militært angrep på Iran, om landet ikkje stansar opprikinga av uran. Iran nektar for at dei har planar om å skaffe seg atomvåpen, og seier at atomprogrammet berre har sivile føremål.

Direktør ved NUPI, Norsk utanrikspolitisk Institutt, Jan Egeland, sa i eit intervju med NRK tidlegare denne veka at Israel truleg alt er klar til å gjennomføre eit angrep mot Iran, og at eit angrep kan kome når som helst.

SISTE NYTT

Siste nytt