Det er USAs FN-ambassadør Susan Rice som opplyser dette. Ho kan fortelje at diplomatar frå dei seks landa skal møtast ein av dei nærmaste dagane for å prøve å få til ein resolusjon som Tryggingsrådet kan vedta.
President Hu Jintao vil delta i samtalane, opplyser ein offisiell talsmann i Beijing.
Irans atomprogram
Samstundes blir det arbeidd for at også fleire land skal støtte eit forslag om sanksjonar mot den islamske republikken.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Eit nytt sanksjonsregime vil rette seg mot det iranske atomprogrammet. Det internasjonale samfunnet mistenkjer det iranske regimet for å ville utvikle atomvåpen, sjølv om landet nektar for dette.
Det at Kina no har sagt at landet vil detal i dei førebuande samtalane, truleg i New York, har blitt godt motteke i USA.
- Kina har gått med på å delta i seriøse forhandlingar om Iran-sanksjonar, som eit første seg for å få med heile Tryggingsrådet i FN på eit nytt sanksjonsregime. Dette er positivt, seier Susan Rice i eit intervju med CNN.
Samstundes har Iran sendt ein utsending til Kina for å leggje fram landet sitt syn på striden om landet sitt atomprogram.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Isrelsk tvil
Også Israel har uttrykt glede over at Kina no vil delta i forhandlingar om nye sanksjonar mot Iran, sjølv om landet tvilar på at Tryggingsrådet vil setje i verk sanksjonar som verkeleg kan presse det iranske regimet.
Kina har i fleire månader vore negative til å innføre sanksjonar mot Iran. Endringa i det kinesiske synet vil også lette det vanskelege forholdet dete har vore mellom Kina og USA den siste tida.
Dei to supermaktene har fleire uløyste saker seg i mellom. Det gjeld blant anna Tibets åndelege leiar Dala Lama sitt besøk hos president Barack Obama i Det kvite hus, som vart svært dårleg motteke i Beijing. Kina er også irritert på det amerikanske våpensalet til Taiwan.