Hopp til innhold

US Navy testar nytt droneskip

Den amerikanske marinen testar no ut droneteknologien også for skip. Marinefartøy utan mannskap kan snart vere ein realitet på verdshava.

BIlete frå hamna i San Diego der det nye droneskipet vart sjøsett.

VIDEO: US Navys nye droneskip i hamna i San Diego.

Prototypen «Sea Hunter» vart sjøsett i San Diego i det sørlege California i går. Det 132 fot lange skipet er konstruert for å gå over store avstandar utan menneske om bord, og det er proppfullt av høgteknologi.

Dersom testinga av fartøyet viser seg å vere vellukka, kan teknologien revolusjonere ikkje berre militære operasjonar til sjøs, men også kommersiell skipsfart, trur utviklarane.

Omfattande testar

Det er forskingsgreina til Pentagon, The Defence Advanced Research Project Agency (DARPA) som har stått for utviklinga av fartøyet saman med selskapet Leidos. No skal droneskipet gjennom omfattande testar på kysten av California.

Testane skal gjere det klart om fartøyet verkeleg er i stand til å greie å unngå kollisjonar med andre skip.

– Frå ein militær synsstad er det viktig å kunne bruke slik fartøy i tillegg til dei bemanna, slik at vi ikkje set menneskeliv i unødig fare, seier talsmann for DARPA, Jared B. Adams.

Han presiserer at det ikkje er snakk om fjernstyring av skipet, slik ein gjer med flygande dronar. Her skal skipet sjølv ta seg av all form for navigering.

Ubåtjakt og mineleiting

I testperioden vil «Sea Hunter» vere bemanna, men så fort det viser at skipet greier seg utan, så vil det bli sendt ut på eiga hand. Då skal det vere i stand til å operere på sjøen i fleire månader i slengen, og gjere unna 10.000 nautiske mil på ein tur.

Det er i første omgang tenkt at droneskipet skal brukast til å jakte på ubåtar med stealth-teknologi, men det er håp om at det også skal bli i stand til å sjekke farvatn for miner. Det er fullt av moderne teknologi.

Det er førebels ikkje planar om å utstyre fartøyet med våpen.

Vil dempe global oppvarming med robotskip

Førarlause bilar må ha førar

Google vedgår ansvar etter at førarlaus bil krasja med buss

SISTE NYTT

Siste nytt