Hopp til innhold

Førarlause bilar må ha førar

Eit lovforslag frå Californias transportdirektorat seier at førarlause bilar alltid må ha ein førar bak rattet, fram til ein er sikre på at teknologien er trygg.

GOOGLE-AUTOS/SELFDRIVING Handout photo of a Goggle self-driving car

INGEN SJÅFØR: Google har i fleire månader køyrt sine sjølvkøyrande bilar rundt på områda til hovudkvarteret i Mountain View i Silicon Valley, California.

Foto: HANDOUT / Reuters

Denne føre-var-innstillinga gjer at bilane må vere utstyrte med ratt, og at ein person med førarkort må vere klar til å ta over om teknologien skulle svikte, skriv nyhendebyrået Ap.

Lovforslaget som er utarbeidd av Californias Transportdirektorat (DMV) set eit rammeverk for korleis ein kan gå frå dagens småskala testing av prototypar til allmenn tilgang til den nye teknologien. Lovforslaget inneheld også ei rekke andre atterhald for kjøp, sal og bruk av bilane.

Mange omsyn å ta

Sjølv om ingen bilprodusent har slike bilar klare, er det fleire som utviklar denne typen teknologi, og dei mest offensive seier at ein ferdig modell kan vere klar om berre nokre få år. Elleve selskap har så langt fått løyve til å køyre på Californias vegar.

Delstaten har i fleire år diskutert korleis dei skal regulere teknologien. Omstridde tema har vore korleis hindre hackarar i å ta kontroll over bilen gjennom datasystemet, datatryggleiken til dei som brukar bilen, og korleis sikre offentleg tryggleik.

Ein av argumenta for bilane har vore nett dette med at dei er tryggare enn bilar køyrt av menneske som kan vere påverka av alkohol eller medikament, eller vere trøytte eller i ubalanse på andre måtar. På den andre sida har kritiske røyster stilt spørsmål vil korleis bilen vil stille seg når den vert stilt ovanfor fleire uunngåelege kollisjonar; skal bilen køyre på ein treåring, eller svinge og køyre inn i ein trailer?

Google's Driverless Cars

FRAMTIDA?: Denne skjermen viser kva Google-bilane 'ser'.

Foto: Eric Risberg / Ap

– Gitt dei potensielle risikoane ved å ta i bruk ein såpass ny teknologi, meiner DMV at produsentar må få meir erfaring i å teste førarlause bilar på offentlege vegar før ein gjer teknologien tilgjengeleg for folk flest, skriv direktoratet i ei uttale.

Direktoratet kan endre lovforslaget før lova vert vedteken, og det er venta at industrien vil sette seg imot forslaga som dei ser på som overdrivent strenge.

Google: – mennesket er det svake ledd

Google har kome lengst, og har ei god stund testa ut sine modellar ved sitt hovudkvarter. Desse har verken ratt eller pedalar, så dei ville få eit problem om lovforslaget frå direktoratet går gjennom.

Datagiganten meiner at det tryggaste er å avgrense menneska si rolle i køyringa mest mogleg, at menneska er «det svake leddet». Dei har endå ikkje kommentert lovforslaget, men i dag kom det fram i Bloomberg Business at bilprosjektet skal få sitt eige selskap neste år, under Alphabet-paraplyen.

California er største marknaden for bilar i USA, og det er venta at dette vil kunne sette presedens for resten av landet – om den vert ståande.

SISTE NYTT

Siste nytt