Hopp til innhold

Vil dempe global oppvarming med robotskip

Satellittstyrte skip som sprøyter sjøsalt i atmosfæren kan vere ein del av løysinga dersom klimautsleppa ikkje minkar, trur forskarar.

Robotskip som skal sprøtye saltvatn i skyene

Ubemanna skip som sprøyter sjøsaltpartiklar inn i skyene kan bli nytta til å dempe global oppvarming i framtida.

Foto: John MacNeill, University of Washington/NASA/Montasje NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I ein ny artikkel skildrar forskarar korleis ein kan teste ut innsprøyting av sjøsaltpartiklar i skyer, ein metode som kan komme til nytte for å kjøle ned jorda og såleis dempe global oppvarming.

Metoden går under namnet «marine cloud brightening», og går ut på å auke skyenes refleksjon av solstråling ved innsprøyting av sjøsaltpartiklar (sjå faktaboks).

Til saman er 25 forskarar med på den vitskaplege artikkelen som er publisert i Philosophical Transactions of the Royal Society A.

– Dette er ein idé for ei kjapp løysing på eit problem som vi eigentleg burde løyse ved å leggje om til ein økonomi basert på låge karbonutslepp. Men dette har vist seg å vere ein langsam prosess. Eg synest vi bør kjenne til moglegheitene vi har dersom det skulle bli behov for det, seier ein av artikkelforfattarane, atmosfærefysikar Rob Wood, i ei pressemelding frå University of Washington.

Kan bli aktuelt 50–100 år fram i tid

– Per i dag er ikkje denne metoden aktuell, men forskarar tenker at dette kan bli aktuelt 50–100 år fram i tid dersom global oppvarming kjem ut av kontroll, fortel professor i meteorologi Jon Egill Kristjansson ved Universitetet i Oslo til NRK.no.

Han fortel at det som driv stadig fleire forskarar til å studere såkalla geoengineering, metodar for å manipulere klimaet for å dempe global oppvarming, er at ein ser at utsleppa av karbondioksid ikkje ser ut til å stabilisere seg.

– Interessa for geoengineering er ikkje drive fram av halvsprø ingeniørar, men av seriøse og jordnære forskarar som er bekymra for utviklinga, fortel Kristjansson som sjølv er involvert i to EU-støtta forskingsprosjekt innanfor geoingineering.

Satellittbilete som viser skyer laga av skip

Det ser ut som flystriper på himmelen, men dette er eit satellittbilete som viser striper danna av skip på Stillehavet.

Foto: NASA

Ubemanna skip

I artikkelen føreslår forskarane å nytte ubemanna satellittstyrte Flettner-rotorskip som går på vindkraft til å sprøyte sjøsaltpartiklar inn i skyene.

Forskarane ser for seg å sende ut 5 til 10 skip over eit havstrekke på 100 kilometer. Skyene som vil bli danna i dette eksperimentet vil vere store nok til at forskarane kan studere evna deira til å reflektere lys frå satellittar.

Rob Wood og kollegaene hans er tydelege på at eit slikt eksperiment vil vere uvanleg for klimaforskarar som vanlegvis observerer atmosfæren, og ikkje sjølv prøver å endre den.

– Vi argumenterer for at dette er eit nyttig forsøk å gjere, seier Wood.

Wood håpar på at større interesse for metoden i forskarmiljøa kan sikre finansiering for å utføre eksperiment med nedkjølande kunstige skyer.

– Kan få endringar i monsunsirkulasjonar

Kristjansson seier det enno er for tidleg å svare på om «marine cloud brightening»verkeleg kan dempe global oppvarming når det enno ikkje er gjort eksperiment med metoden.

– Men ein del berekningar tyder på at svaret er ja, seier professoren.

Det er også usikkert kva for bieffektar marine cloud brightening vil ha, men Kristjansson seier det er nærliggjande å tru at ein kan få endringar i nedbørsmønster.

– Dei eigna skyene finst ikkje alle stader, så når vi går inn og gjer endringar nokre stader kan vi få ein ubalanse og endringar i til dømes monsunsirkulasjonar, fortel Kristjansson.