Hopp til innhold

Google vedgår ansvar etter at førarlaus bil krasja med buss

Google vedgår eit visst ansvar etter at ein av dei sjølvkøyrande bilane deira krasja med ein buss i California tidlegare denne månaden.

Googles sjølvkøyrande Lexus.

Arkivfoto av ein av Google sine sjølvkøyrande Lexus-bilar på anlegget i Mountain View i California.

Foto: Tony Avelar / Ap

Det var 14. februar i år at ein sjølvkøyrande Lexus RX450h, som dreiv testkøyring, køyrde inn i ein buss. Lexusen heldt ei fart på 3–4 kilometer i timen, medan bussen køyrde i vel 20 kilometer i timen, melder Reuters.

Det skjedde medan den sjølvkøyrande bilen prøvde å køyre unna nokre sandsekkar som låg i ei brei gate i The Mountain View, der Google har anlegget sitt for utvikling av denne teknologien.

Skifta ut programvare

Sjølvkøyrande Lexus.

Google har ein liten flåte av sjølvkøyrande Lexus firehjulstrekkarar, som dei testar ut i Mountain View i California.

Foto: ELIJAH NOUVELAGE / Reuters

Google seier at dei no har skifta ut programvara i testbilen, for å unngå at liknande ting skal skje i framtida.

Testbilen «trudde» at bussen ville sleppe Lexusen forbi, eller setje ned farta. Det gjorde altså bussen ikkje, og det enda med at den sjølvkøyrande bilen køyrde inn i støytfangaren på bussen. Ingen vart skadd.

Det var ein testkøyrar om bord i Lexusen, men han vurderte situasjonen på same måte som roboten og eller datamaskinen som var «bak rattet»

I ei fråsegn frå Google heiter det følgjande:

«Vi har eit klart ansvar, fordi om vår bil hadde stått stille, så hadde ikkje kollisjonen skjedd».

– Sjåføryrket vil forsvinne

Slik kan samfunnet vårt se ut i 2050

Restriksjonar

Google har kritisert styresmaktene i California for å ha foreslått restriksjonar på testing av sjølvkøyrande bilar. Her går dei inn for at alle bilane skal ha ratt og bremser, og at ein person med førarkort må vere med i bilen for å gripe inn om det er naudsynt.

Ifølgje Google er dette første gong ein av dei sjølvkøyrande bilane deira har vore blanda inn i ein kollisjon.

Rett nok opplyste Google i november i fjor dei at dei sjølvkøyrande bilane har vore blanda inn i 17 mindre uhell i løpet av dei seks åra dette prosjektet har halde på, men at det aldri har vore «bilen» sin feil.

– Førerløse biler på norske veier innen ti år

mountain view

SISTE NYTT

Siste nytt