Hopp til innhold

Ulovlege utslepp blei gjort med vilje av Hydro

Hydro innrømmer at det har skjedde ei rekkje ulovlege utslepp frå aluminaffineriet Alunorte i Brasil. Utsleppa blei gjort med overlegg, stadfestar Hydro.

Hydros Alunorte i Brasil

Her, ved Alunorte-anlegget til Hydro i Brasil, blei det gjort ei rekkje ulovlege utslepp i februar.

Foto: Hydro / Paulo Santos/Interfoto

Hydro har fram til no sagt at utsleppa frå Alunorte-anlegget i Brasil ikkje var bevisst. No innrømmer dei derimot at det har vore utslepp frå fabrikken.

– Vi kan stadfeste at det har vore eit kontrollert utslepp frå Canal Velho, som ligg ved sidan av reinseanlegget inne på raffineriområdet, seier informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro til Dagens Næringsliv.

Halvor Molland

Hydros informasjonsdirektør Halvor Molland seier utsleppa i Brasil blei gjort med overlegg.

Foto: Hydro

Han seier at det er snakk om fleire utslepp.

– Det blei gjort for å avlaste reinseanlegget, som var under stort press på grunn av regnet. Det blei gjort utan lisens, seier Molland.

Det første ulovlege utsleppet skjedde natt til 17. februar etter at det fall meir enn 200 millimeter regn. Fleire utslepp skjedde mellom 20. og 25. februar, seier Molland til DN.

Forureina vatn

Det var ekspertar ved Instituto Evandro Chagas som oppdaga at den lokale elva var forureina av ulike metall. Innbyggjarar hadde klaga over dårleg lukt og misfarga vatn.

Ekspertane meinte det forureina vatnet var ein helserisiko for innbyggjarane i minst tre nærliggande busetnader i regionen Barcarena i delstaten Pará nord i Brasil.

Mistanken blei raskt retta mot Alunorte-anlegget, men Hydro nekta lenge for at det hadde skjedde noko utslepp frå deira anlegg.

26. februar måtte derimot Alunorte-anlegget halvere produksjonen etter eit pålegg frå direktoratet for miljø og berekraft i den Pará.

Størst i verda

Alunorte er det største aluminaraffineriet i verda, ifølgje Hydro, med over 2000 tilsette.

Anlegget framstiller alumina, eller aluminiumoksid. Dei vinnar ut bauksitt frå gruvene i området og gjer det om til alumina, som er den viktigaste ingrediensen i aluminium.

I fjor produserte Hydro 6,4 millionar tonn alumina til ein verdi av 18,5 milliardar kroner ved Alunorte-anlegget.

Raudt slam er avfallsstoffet som blir igjen i produksjonen. For kvar kil aluminium som blir produsert, blir det produsert to kilo raudt slam som inneheld fleire tungmetall.

SISTE NYTT

Siste nytt