Hopp til innhold

Ukraina krev orsaking og erstatning frå Iran

Presidenten i Ukraina krev at dei som står bak nedskytinga av flyet i Teheran vert straffa. Ifølgje Iran var soldaten som fyrte av rakettane åleine om avgjerda.

Ukrainsk passasjerfly skote ned i Tehrean

Biletet er lagt ut på Facebook av Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. Han skriv at det viser flyet som vart skote ned i Teheran.

Foto: Fra facebooksiden til Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj

Natt til laurdag innrømte Iran at dei ved eit uhell skaut ned passasjerflyet som styrta i Teheran på onsdag. Om bord på flyet var 176 menneske som alle omkom i styrten.

Ifølgje Irans militære så vart det sivile ukrainske flyet forveksla med ein kryssarrakett då passasjerflyet nærma seg eit viktig militærområde.

Irans utanriksminister Javad Zarif kallar nedskytinga ein «menneskeleg feil», men seier også at det var «handlingane til USA som førte til den katastrofale feilen».

Volodymyr Zelensky

Presidenten i Ukraina Volodymyr Zelenskyj la fredag ned blomar ved bilete av dei ukrainske ofra som omkom i flystyrten i Teheran.

Foto: Ho / AFP

Krev erstatning frå Iran

Presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskyj, var raskt ute og kravde at Iran må ta på seg heile skulda for nedskytinga, og at dei straffar dei som stod bak.

Laster Twitter-innhold

Elleve av dei som omkom i flystyrten var frå Ukraina. Zelenskyj ber no om ei full gransking av hendinga.

– Vi forventar forsikringar om at dei er villige til å gjennomføre ei grundig og open gransking, og at dei omkomne blir returnerte til Ukraina, seier Zelenskyj.

I tillegg til ei orsaking gjennom diplomatiske kanalar vil han også ha ei økonomisk erstatning, slik at det ukrainske flyselskapet får dekt sine økonomiske tap.

Flystyrten i Teheran

Iran har vedgått at det var deira militære som skaut ned det ukrainske passasjerflyet i Teheran. Dette biletet er lagt ut på Facebook av Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Foto: FRA FACEBOOKSIDEN TIL UKRAINAS PRESIDENT VOLODYMYR ZELENSKYJ

Löfven: – Skremmande

TALMANSRUNDA LÖFVEN

Stefan Löfven seier at det er forferdeleg og skremmande at flyet vart skote ned ved ein feil.

Foto: Stina Stjernkvist/tt / NTB scanpix

Statsminister i Sverige, Stefan Löfven, seier ifølgje SVT at han ser med stort alvor på beskjeden frå Iran.

«At eit sivilt fly vert skote ned, uansett om det var ein feil eller ikkje, er ei handling som må fordømmast, og som Iran må ta fullt ansvar for» skriv Löfven i ei fråsegn.

17 av dei som omkom var anten svenske statsborgarar eller var busette i Sverige. Löfven seier at beskjeden frå Iran gir grunnlag for ei grundig etterforsking som må avdekke alle forhold rundt styrten.

Også statsminister i Canada, Justin Trudeau, seier at det no er tid for at dei ansvarlege vert stilte til ansvar. Han krev at familiane til ofra skal få vite kva som eigentleg skjedde.

Canada Iran Plane Crash

Folk samla seg i den canadiske byen Toronto for å minne dei som mista livet i flystyrten i Iran.

Foto: Chris Young / AP

Soldaten tok avgjerda åleine

Det var Irans øvste leiar ayatolla Ali Khamenei som gav ordre om at landet skulle gå ut offentleg og fortelje kva som har skjedd.

Soldaten som fyrte av missilet som trefte flyet, trudde det var snakk om ein kryssarrakett, opplyser den iranske revolusjonsgarden.

Kommunikasjonen i området var nede, og soldaten som fyrte av missilet var åleine om å ta avgjerda, ifølgje leiaren for luftvåpenet Amir Ali Hajizadeh.

Soldaten hadde derfor berre ti sekund på seg for å avgjere om han skulle angripe eller ikkje. Hajizadeh seier at han tek på seg det heile og fulle ansvaret.

Iran seier at dei kjem til å oppdatere systema sine for å hindre at noko slikt skjer igjen.

SISTE NYTT

Siste nytt