Hopp til innhold

Slik kan dei «svarte boksane» gje svar på Iran-mysteriet

Flyet forsvann frå radaren utanfor Teheran, så styrta det i eit flammehav med 176 menneske om bord. Det er usemje om ein rakett var årsaka - men ferdskrivaran kan gje svar.

Vrakdelar frå flykrasjet i Iran.

ÅSTADEN: Vrakdelar etter flykrasjet i Iran.

Foto: Ebrahim Noroozi / AP/NTB SCANPIX

Fredag vert dei «svarte boksane» frå det ukrainske flyet som styrta i Iran opna, melder det statlege iranske nyheitsbyrået Irna.

Passasjerflyet skal ha snudd før det styrta for å vende tilbake til flyplassen i Teheran, meiner dei iranske etterforskarane.

Flyet skal ha forsvunne frå radaren då det var 8000 fot over bakken. Flygarane tok aldri kontakt med flygeleiinga på bakken for å be om hjelp, ifølge granskarane.

Då eit fly frå Malaysia Airlines vart skote ned i 2014, var det ferdsskrivaren som til slutt gav svar på kva som hadde skjedd.

Informasjonen i dei «svarte boksane» kan no hjelpe etterforskarane med å oppklare kva som forårsaka flykrasjet som drap 176 menneske på onsdag.

Flyet av typen Boeing 737–800 var på veg frå Teheran til Kiev i Ukraina då det styrta, få timar etter at Iran fyrte av rakettar mot amerikanske militærbasar i Irak.

Flyet var tre og et halvt år gammalt og tilhøyrde selskapet Ukraine Air International.

Får hjelp av ukrainske flyekspertar

Dei «svarte boksane» registrerer informasjon frå instrumenta i flyet og lyd frå cockpit under flyging.

Ali Abedzadeh, leiar for den iranske flymyndigheita uttalte til CNN i går at boksane skal vere skada.

I går kom 45 etterforskarar frå Ukraina til Iran. Fram til då var det berre iranske myndigheiter som hadde granska staden der flyet styrta.

Den iranske presidenten har lova sin ukrainske kollega at etterforskarane skal få tilgang til alle opplysningar og åstaden.

Klarar ikkje dei iranske og ukrainske ekspertane å få ut informasjonen sjølve, vil dei be om hjelp utanfor.

– Så vil resultatet bli publisert til resten av verda, sa Abedzadeh til CNN.

Vrakrestane vart funne like ved byen Sabashahr, som ligg rundt 20 kilometer nord for flyplassen i Teheran.

Sjeldan at informasjonen vert øydelagt

Det er svært sjeldan at informasjonen i boksane vert øydelagt sjølv om dei har ytre skadar, fortel Andreas Sundt, som er leiar i Norsk Flytekniker Organisasjon.

– Informasjonen frå ferdsskrivar og taleopptaka overlever stort sett alltid, det er berre eit fåtal gongar ein ikkje har fått tak i den ved tidlegare flyulukker, seier han.

Andreas Sundt

FLYTEKNIKAR: Andreas Sundt, leiar i Norsk Flytekniker Organisasjon.

Foto: Privat

Reagerer på at flyet forsvann frå radaren

Flightradar 24 ser alt normalt ut før flyet forsvinn frå radaren, ifølgje Andreas Sundt.

Sundt tolkar opplysningane om at flyet skal ha forsvunne frå radaren og at flygarane ikkje skal ha kontakta flygeleiinga på bakken, som at all kommunikasjon brått kan ha blitt brote.

– Det er så å seie umogleg, derfor er det ingen tvil om at det har skjedd noko veldig brått og alvorleg, seier han, og utdjupar:

– Det er veldig sjeldan at slikt skjer, alle dei viktigaste systema har fleire straumkjelder, dei har og fleire radioar, mottakarar og sendarar og alt er bygd om med forskjellige straumkjelder, derfor skal det veldig mykje til at ein mister all kommunikasjon, seier Sundt.

Stoltenberg støttar hypotesen om at flyet kan ha blitt skutt ned

Dei siste dagane har fleire kjelder meldt at etterretning tydar på at passasjerflyet med 176 om bord, vart skutt ned av Iran ved ei feiltaking.

Myndigheiter i fleire land seier at mykje tyder på at flyet er blitt skutt ned.

Nato-sjef Jens Stoltenberg støtter hypotesen om at det kan ha vore iranske missila som skaut ned det ukrainske flyet.

– Vi har ingen grunn til å ikkje tru på rapportane vi har sett frå ulike Nato-allierte, seier Stoltenberg.

Iran avviser opplysningane som «ugrunna rykte», og ber om bevis.

SISTE NYTT

Siste nytt