Hopp til innhold

Ukraina hevdar dei har skote ned russiske bombefly

Ukrainske styrkar skal ha skote ned tre russiske bombefly fredag, ifølge luftforsvaret og presidenten i landet.

Ukrainske soldater

Ukrainske soldatar ved frontlinja nært Kherson i oktober. Fredag hevdar det ukrainske forsvaret at dei har skote ned tre russiske bombefly.

Foto: Mstyslav Tsjernov / AP

Kommandør Mykola Olesjtsjuk i det ukrainske luftforsvaret skreiv på Telegram at dei har skote ned tre russiske Su-34 bombefly, melder Reuters. Nedskytinga skal ha skjedd i Kherson-regionen.

Talsperson for luftforsvaret, Jurij Ignat, kalla hendinga ein strålande planlagt operasjon.

– Vi har ikkje hatt Su-34 i statistikkane våre på ei stund, sa han.

Han sa at dette er ein flytype som er blant Russlands mest moderne for bombing og andre angrep.

Det russiske militære har ikkje kommentert dei påståtte nedskytingane, men fleire russiske militærbloggarar har omtalt at eitt eller fleire fly skal vere skotne ned.

Russisk Su-34 jagerfly

Dei russiske bombeflya som skal vere skotne ned er av typen Su-34.

Foto: Vitaliy Timkiv / AP

Trur dei brukte rakettar frå USA

Den Russland-venlege nettstaden Eurasia Daily skriv ifølge Reuters at den ukrainske påstanden om nedskytinga er truverdig.

Den ukrainske luftfartseksperten Valerij Romanenko seier til den ukrainske radiokanalen NV at han trur det blei brukt Patriot-rakettar frå USA i angrepet.

– Dette var ein situasjon der russarane slapp opp mot 100 bomber i sør. Tre flaug saman og blei tekne. Dei tok ikkje med i berekninga at Patriot har ei rekkevidd på 160 kilometer, seier han.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj hylla luftforsvaret i Odesa-regionen i sin daglege videotale for å ha skote ned flya i den nærliggande Kherson-regionen.

Les også Strikkar ullsokkar for ukrainske soldatar ved fronten

Ukrainske flyktningar på strikkebesøk hos Rauma Ullvare

Liten framgang

Det har vore lengre mellom dei ukrainske suksessane etter at for eitt år sidan klarte å ta tilbake område Russland hadde okkupert i nordaust og sør.

Det blei sett i verk ein motoffensiv i aust og sør i juni, men der har framgangen ikkje vore like stor.

Men Zelenskyj har avvist eit utspel frå hærsjef Valerij Zaluzjnyj om at krigen har blitt ein utmattingskrig, og at ein bør legge om strategien.

Les også Strammer kraftig inn – juleferie i Ukraina kan gi oppholdsnekt

Pressekonferanse om krigen i Ukraina

Får fly frå Nederland

Zelenskyj sa også i talen sin at han hadde snakka med Nederlands statsminister Mark Rutte om leveransen av F-16-fly til Ukraina og godkjenninga ein ny støttepakke frå EU verdt 577 milliardar kroner.

– Nederland er klare til å sende dei første F-16 jagarflya til Ukraina, sa han.

Mark Rutte og Volodymyr Zelenskyj inspiserer F-16-fly

Nederland lova i august å sende F-16-fly til Ukraina. Fredag sa dei at dei var klare til å gi dei 18 første flya. Biletet er frå august då den nederlandske statsministeren Mark Rutte inspiserte flyet saman med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Foto: Peter Dejong / AP

I august annonserte Danmark og Nederland at dei ville donere opp mot 61 jagarfly etter at ukrainske pilotar var trent opp. Fredag sa den nederlandske regjeringa at dei var klare til å levere 18 av dei lova flya.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.