– Polen og Tyskland kan ikkje handtere dette åleine, seier den tyske innanriksministeren Horst Seehofer til avisa Bild.
– Vi må hjelpe den polske regjeringa med å sikre den ytre grensa i landet. Dette burde faktisk vere EU-kommisjonen si oppgåve. Eg oppmodar dei til å handle, seier Seehofer.
Tysklands bønn kjem etter at Polen måndag varsla at landet hadde hindra ei stor gruppe migrantar i å ta seg inn frå Kviterussland.
«Tiltak av væpna natur»
Opp mot 2000 migrantar er på veg mot grensa, ifølgje Kviterussland. Fleire hundre skal allereie stå ved grensegjerdet som Polen har sett opp.
Nye forsøk på å ta seg ulovleg over grensa kan bli møtt av tiltak av væpna natur, melder styresmaktene i Polen.
Krisemøte
Tusenvis av polske soldatar patruljerer no grensa og høge sperringar av piggtråd er sett opp.
Fleire hundre migrantar er allereie stansa i forsøket på å krysse inn i Polen. Måndag varsla regjeringa etter eit krisemøte at dei vil sette inn i alt 12.000 soldatar for å vakte grensa.
Tysdag morgon vil polske styresmakter stenge grenseovergangen ved Kuznica, melder BBC.
Mange av migrantane som står fast i skogane ved grensa lir i kulda. Mange av dei kjem frå Midtausten og Afrika. Dei manglar mat og varme klede, og fleire skal ha døydd av forfrysningar.
Støtter bygging av grensemur
Seehofer seier at han støttar Polens avgjerd om å byggje ein grensemur.
– Vi kan ikkje kritisere dei for å verne EUs ytre grenser. Ikkje ved hjelp av våpen, sjølvsagt, men med andre middel som er tilgjengeleg, seier Seehofer.
EU skuldar Kviterusslands president Aleksandr Lukasjenko for å flyge inn migrantar frå Midtausten og Afrika til Kviterussland, og deretter sende migrantane til fots til EU som hemn for sanksjonar som EU har innført etter Lukasjenkos undertrykking av opposisjonen i landet.
Litauen og Latvia har meldt om liknande problem langs grensa mot Kviterussland. Måndag bestemte styresmaktene i Litauen seg for å flytte fleire soldatar mot grensa for å møte ein mogeleg ny flyktningstraum frå nabolandet.