Hopp til innhold

Klatarar fri frå PKK-fangenskap

Tre tyske fjellklatrarar som vart bortførde av PKK-geriljaen i Tyrkia tidlegare denne månaden, er sette fri.

Den tyske regjeringa si krisegruppe har jobba på spreng sidan klatrarane vart bortførde.

Tyske styresmakter har fått melding om at klatrarane no er fri.

Foto: CLEMENS BILAN / AFP

Tyrkias utanriksminister Ali Babacan ringde i føremiddag til sin tyske kollega Frank-Walter Steinmeier og fortalde at dei tre klatrarane no er tekne hand om av den tyrkiske hæren.

Dei er ved god helse, kunne han fortelje.

Det er uklart om dei tre vart sette fri av PKK-geriljaen, eller om dei vart berga av tyrkiske soldatar i ein militæroperasjon.

Sozar Avesta er talskvinne for PKK-geriljaen.

PKK-talskvinne Sozdar Avesta har tidlegare sagt at dei ikkje vil setje tyskarane fri før Tyskland har endra sin politikk overfor PKK.

Foto: Yahya Ahmed / AP

Tyrkiske tryggingsstyrkar har drive klappjakt på kidnapparane i og rundt fjellmassivet Ararat, der dei tre tyske klatrarane vart bortførde 8. juli i år.

Den kurdiske separatistorganisasjonen PKK har sagt at dei tre ikkje ville bli sette fri før Tyskland endrar sin fiendtlege politikk overfor kurdarane. Tyskland har blant anna forbode ei kurdisk avis med nære band til PKK, og mange PKK-aktivistar har vorte arresterte.

Det bur 2,4 millionar menneske med tyrkisk bakgrunn i Tyskland, og 600.000 er kurdarar.

PKK står på både EU og USA sine lister over terroristorganisasjonar.

Dei tre bortførde tyskarane var med på ein klatreekspedisjon i Ararat-fjellet saman med åtte andre. Dei andre kom seg sjølve ned til folk, der dei varsla om det som hadde skjedd.

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel kom for nokre dagar sidan med ein sterk personleg appell til kidnapparane om å setje dei tyske klatrarane fri.

Tyske styresmakter har likevel gjort det klart at det ikkje er aktuelt å endre politikken sin overfor PKK.

Ararat-massivet ligg i den kurdiske delen av Tyrkia ikkje langt frå grensa til Iran. Det er kjent frå Bibelen som fjellet der Noa og arken hans først fekk landkjenning etter syndfloda.

Dei andre klatrarane varsla om bortføringane.

Resten av den tyske klatreekspedisjonen har reist heim.

Foto: STRINGER/TURKEY / REUTERS

SISTE NYTT

Siste nytt