Hopp til innhold

Tvang 500 migrantar tilbake til Libya

Den libyske kystvakta stansa i går eit fartøy med 500 migrantar om bord og tvang det tilbake til Libya. Ein tysk hjelpeorganisasjon skuldar kystvakta for å ha sett både deira skip og migrantane i fare.

Migrantar i Libya.

Ein båt med nesten 500 migrantar vart ført inn til den libyske hovudstaden Tripoli av den libyske kystvakta i går.

Foto: Mohame Ben Khalifa / AP

Talsmann for den libyske kystvakta, Ayoub Qassem, seier til nyheitsbyrået Reuters at episoden fann stad rundt 30 kilometer nord for kysten av Libya, utanfor byen Sabratha.

– Ein internasjonal hjelpeorganisasjon med namnet Sea-Watch prøvde å hindre arbeidet vårt og ville ta med seg flyktningane. Dei hevda at Libya ikkje er trygt for dei, seier Qassem.

– Skaut mot kystvaktskip

Libysk kystvaktskip med migrantar om bord.

Eit skip frå den libyske kystvakta kjem inn til hamna i Tripoli med over 300 av migrantane om bord.

Foto: Mohame Ben Khalifa / AP

Han skuldar for Sea-Watch for å ha krenka libysk terrerterialfarvatn. Han seier også at menneskesmuglarane om bord i migrantbåten opna eld mot kystvaktskipet, utan at nokon vart såra. Migrantskipet som vart stansa var på veg til Italia.

Ruben Neugebauer, talsmann for Sea-Watch, skuldar den libyske kystvakta for farleg framferd.

– Utan nokon form for varsel, kryssa dei inn rett framfor baugen vår for å nå fram til migrantskipet. Det var ein ekstremt farleg manøver, som sette både oss og migrantane i fare, seier han.

Neugebauer seier at dei etter kvart fekk beskjed frå den italienske kystvakta at den libyske kystvakta skulle ha ansvaret for dei rundt 500 migrantane om bord i den gamle trebåten.

Migrantar i Tripoli.

Dei rundt 500 migrantane frå ulike land i Afrika og Asia vart førde inn til ein marinebase i Tripoli.

Foto: Ismail Zitouny / Reuters

– Ei klar endring

Sea-Watch har lagt ut ein video av det som skjedde, for å underbyggje sin versjon av saka.

Ayoub Qassem i den libyske kystvakta seier at det var rundt 300 personar frå Marokko om bord i skipet, 145 frå Bangladesh, 23 frå Tunisia og ein del frå ulike land i Afrika og Midtausten.

Talskvinne Izabella Cooper i den europeiske grensekontrollen Frontex seier til NRK at dei har sett ei klar endring i korleis smuglarnettverka som sender migrantar ut frå Libya, opererer. Tidlegare var båtane dei brukte meir solide, og det var mat og utstyr om bord som skulle vare heilt til dei kom fram til Italia.

– Dei siste par åra har vi sett ein trend der båtane dei brukar er mykje dårlegare. Dei har med mindre drivstoff, mindre mat og vatn og det er langt fleire menneske i kvar båt enn tidlegare. Tidlegare kunne det vere 90 personar om bord i ein båt der det eigentleg berre var plass til 15. No kan det vere 170 menneske om bord i ein slik båt, seier Cooper.

Skuldingar om samarbeid

Ho fortel at dei også har sett at menneskesmuglarane er med i båten til dei når internasjonalt farvatn. Då tok dei med seg motorane og reiste i land i ein annan båt, fortel ho.

Det har vore retta kritikk mot ein del av dei humanitære organisasjonane som opererer i havområdet utanfor Libya. Statsadvokaten i Chania på Sicilia har skulda dei for å direkte å samarbeide med menneskesmuglarane i land.

Den italienske kystvakta har avvist at det er eit slikt samarbeid, men italienske styresmakter har starta etterforsking.

IOM-rapport: Afrikanske migranter selges som slaver i Libya

SISTE NYTT

Siste nytt