Hopp til innhold

Ny statsminister i Australia: – Eit ekstraordinært resultat

Etter fleire dagar med politisk kaos i Australia går Malcolm Turnbull av som statsminister. Finansminister Scott Morrison vann den dramatiske kampen om å ta over.

FILES-AUSTRALIA-POLITICS-MORRISON

TEK OVER: Scott Morrison, som kjem frå jobben som finansminister.

Foto: MARK GRAHAM / AFP

Røystinga fann stad like før klokka 05.00 norsk tid.

Kandidatane til å erstatte Turnbull var den tidlegare innanriksministeren Peter Dutton, utanriksminister Julie Bishop og finansminister Scott Morrison.

Bishop fekk færrast røyster i den første runden og rauk ut. Deretter vann Morrison duellen mot Dutton med 45 mot 40 røyster.

Dermed var ei dramatisk veke i australsk politikk over.

AUSTRALIA-POLITICS/

MÅ GÅ AV: Malcolm Turnbull, som har vore statsminister i Australia sidan 2015.

Foto: Francois Walschaerts / Reuters

Vann første røysting

Tidlegare denne veka overlevde Australia sin statsminister Malcolm Turnbull ei intern røysting om kven som skulle leie det liberale partiet – og dermed også vere statsminister.

Men uroa i australsk politikk var ikkje over.

For Peter Dutton, som tapte denne avrøystinga, hadde ikkje gitt opp håpet om å bli statsminister.

Tapte med fem røyster

I natt norsk tid tok imot Turnbull eit opprop med 43 signaturar der bodskapen var at den sitjande statsministeren måtte gå av.

Like etterpå var det klart for ei ny røysting om partileiarvervet og statsministerjobben.

40 røysta for Turnbull, 45 for å skifte han ut.

Deretter starta kampen om kven som skulle ta over – ein kamp Scott Morrison altså vann med dei same siffera: 45–40.

AUSTRALIA-POLITICS

HYPPIGE SKIFTE: Scott Morrison blir den sjette leiaren i den liberale partiet i Australia på 11 år.

Foto: DAVID GRAY / AFP

– Eit ekstraordinært resultat

– Dette er eit ekstraordinært resultat, gitt hendingane sist veke leia av Dutton og den konservative fløya i partiet, skriv avisa The Sydney Morning Herald.

Ifølgje same avis har Peter Dutton sagt at han skal vere lojal til Scott Morrison si nye regjering.

– Vi har mista ein statsminister, men vi har framleis ei regjering å redde, kommenterer tidlegare statsminister Tony Abbott.

Usemje om energipolitikken

Det var eit framlegg til ny energiplan som utløyste striden om statsministerposten. Malcolm Turnbull ville kutte utsleppa av karbongassar med 26 prosent av 2005-nivået innan 2030.

Planen inneheldt også tiltak for å få energiprisane ned.

Men dei konservative i Turnbulls eige parti var kraftige motstandarar av planen, og sist måndag gav statsministeren opp å få han vedteke. Men dette var altså ikkje nok til å samle partiet.

NB. I Australia fungerer det slik at leiaren for det største partiet i fleirtalskoalisjonen er statsminister. John Howard sat som statsminister i 11 år fram til 2007. Men sidan har ingen australiar hatt jobben i meir enn tre år i strekk.

SISTE NYTT

Siste nytt