Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 21. august

  • Turnbull held fram som statsminister

  • Sikta for drap på kone og to born

  • Gjekk forbi Michael Jackson på prestisjefylt liste
Australias statsminister Malcolm Turnbull / Christopher Watts
Foto: Lukas Coch/AAP Image via AP/Joshua Polson/The Greeley Tribune via AP, Pool

Vann kampen om statsministerjobben

Malcolm Turnbull held fram som statsminister i Australia. Han vart utfordra av innanriksminister Peter Dutton, som også høyrer til den liberale partiet.

Men med 48 mot 35 røyster under eit partimøte er det klart at Turnbull held fram i si gjerning, melder NTB.

Det var Turnbull som sjølv hadde stilt plassen sin til disposisjon, etter at det i fleire veker hadde blitt spekulert i om leiarvervet og dermed også jobben som statsminister var trua.

AUSTRALIA-POLITICS/

HELD FRAM: Malcolm Turnbull held fram som australsk statsminister.

Foto: Francois Walschaerts / Reuters

Miljøminister Josh Frydenberg hadde på førehand åtvara mot å kaste Malcolm Turnbull, ettersom det ville ha skapt frustrasjon blant veljarane.

Om Dutton hadde blitt valt hadde han blitt den sjette leiaren i det liberale partiet på 11 år.

I 2015 var det Turnbull som sjølv danka ut partifellen Tony Abbott.

Som i til dømes Storbritannia er det slik at statsministeren ikkje er direkte valt av folket, men kjem frå partiet eller koalisjonen som har majoriteten i parlamentet.

Sikta for drap på kone og born

I Colorado i USA er 33 år gamle Christopher Watts sikta for drap på si gravide kone og sine to døtrer på fire og tre år.

Missing Family Colorado

SIKTA: Christopher Watts.

Foto: AP

Ifølgje BBC skal Watts ha påstått at det var kona hans, 34 år gamle Shanann Watts, som først prøvde å kvele dei to døtrene deira, etter at Christopher skal ha fortalt at han ønskte å separere seg frå kona.

I raseri skal Christopher ha drepe kona si. Den døde kroppen hennar vart funne i ei grav nær ein oljetank, ikkje langt frå der mannen hennar hadde jobba. Ho var gravid på 15. veka.

Seinare vart kroppane til døtrene Bella og Celeste oppdaga ikkje langt frå grava til mora.

Formelt er Christopher Watts sikta for ni lovbrot, inkludert tre overlagde drap.

Det er førebels ikkje kjent korleis Watts stiller seg til straffeskuld. Det skal vere ei høyring i saka tysdag.

Missing Family Colorado

Bella Watts, Celeste Watts and Shanann Watts er alle drepne.

Foto: AP

The Eagles passerte Michael Jackson

Det klassiske Michael Jackson-albumet «Thriller» frå 1982 er ikkje lenger det mestseljande i USA gjennom tidene.

The Eagles sitt «Their Greatest Hits 1971-1975» har nemleg gått forbi med sine 38 millionar selde eksemplar sidan utgjevinga i 1976.

Michael Jackson

NED FRÅ TOPPEN: Michael Jackson.

Foto: Cliff Schiappa / Ap

Same år kom The Eagles ut med eit nytt album, «Hotel California», som ligg på tredjeplass på denne lista med 26 millionar selde plater.

The Eagles vart stifta i 1971 og gav seg i 1980. Men i 1994 starta dei opp igjen. I 2016 døydde ein av grunnleggjarane, Glenn Frey. Men no er bandet tilbake på vegen med mellom andre Glenn sin son Deacon i rekkjene.

PS. Sjølv om Thriller ikkje lenger er det mestseljande albumet i USA, toppar det framleis på verdsbasis, ifølgje Wikipedia.

BATTLE OF THE BANDS GLANCE

The Eagles i 1977. Frå venstre: Don Henley, Joe Walsh, Randy Meisner, Glenn Frey og Don Felder.

Foto: Anonymous / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no