Hopp til innhold

Dette skjedde natt til 23. august

  • E39 opna igjen
  • 39-åring sakna i Skien
  • Gjer nytt forsøk på å bli statsminister
Dette skjedde natt til 23. august
Foto: NRK og REUTERS

E39 opna igjen

Klokka 02.00 opna europaveg 39 ved Eidsvåg i Bergen igjen. Vegen mellom Eidsvågtunnelen og Glasskartunnelen hadde vore stengt sidan tidleg onsdag kveld grunna flaum.

Flaumen kom etter at ein mellombels demning i Munkebotsvatnet brast klokka 20.15.

Her brast demningen i Bergen.

Fleire bustader i området hadde då allereie blitt evakuerte.

Framleis er 37 hus og 133 innbyggjarar evakuerte – og det er usikkert når dei kan vende tilbake til heimane sine.

Det er ikkje meldt om personskadar grunna flaumen, men ei båthamn har fått skadar.

Fylkesveg 267 ved Eidsvågneset var også lenge stengt, men opna igjen om lag klokka 01.10.

Flom i Eidsvåg

– Det er mykje opplagsutstyr som har forsvunne, seier Jan Ove Brakstad i Eidsvåg båtlag, der vatnet enda opp.

Foto: Eidsvåg båtlag

39-åring sakna i Skien

Ein leiteaksjon er sett i gang i Skien etter at ein 39 år gammal mann er meldt sakna.

Mannen vende ikkje tilbake frå ein joggetur i Lensmannseter/Gaupåsen-området onsdag kveld. Rundt midnatt melde kona frå til politiet.

Ifølgje operasjonsleiar i politiet, Erik Gunnerød, er det tett vegetasjon og mange turstiar i området der mannen er sakna. Området ligg ikkje langt frå Skien sentrum.

Om ikkje mannen kjem til rette blir leiteaksjonen trappa opp når det blir lyst, seier Erik Gunnerød til NRK.

Klokka 04.40 var om lag 20 personar med på leiteaksjonen. Det gjaldt folk frå mellom andre politiet, Røde Kors og Norsk Folkehjelp. Også eit Sea King-helikopter er på plass. Sivilforsvaret har sett opp eit varmetelt.

Gjer nytt forsøk på å bli statsminister

For berre to dagar sidan tapte Peter Dutton kampen om å bli leiar for det liberale partiet i Australia og dermed også statsminister i landet. Dutton tapte med 48 mot 35 røyster og gjekk ut av regjeringa til Malcolm Turnbull, som dermed vart sitjande trass i at han stilte plassen sin til disposisjon.

Men Dutton gir ikkje om kampen om å bli statsminister, melder nyheitsbyrået AFP.

Australia Politics Challenger

Peter Dutton gjer eit nytt forsøk på å bli statsminister.

Foto: Rod McGuirk / AP

For den tidlegare innanriksministeren meiner no at han har nok støtte i partiet til å vinne ei ny røysting.

– Tidlegare denne morgonen ringde eg statsministeren for å gi beskjed om at majoriteten i partiet, etter mi meining, ikkje lenger støttar leiarskapen hans, seier Dutton torsdag norsk tid ifølgje NTB.

Etter at Dutton sa opp jobben sin som innanriksminister tysdag fekk han støtte av minst 10 andre ministrar, som skal ha føretrekt at Dutton erstatta Turnbull som statsminister. Men berre tre av oppseiingane vart godkjende av statsministeren, ifølgje nyheitsbyrået DPA.

I Australia fungerer det slik at leiaren i det største partiet er statsminister. John Howard sat som statsminister i 11 år fram til 2007. Men sidan har ingen australiar hatt jobben i meir enn tre år i strekk.

Den australske folkeforsamlinga tek no pause til 10. september medan ein ventar på at situasjonen er avklara.

AUSTRALIA-POLITICS/

Sitjande statsminister Malcolm Turnbull har blitt utfordra av Peter Dutton for andre gong denne veka.

Foto: Francois Walschaerts / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no