Hopp til innhold

Trur USA snart er tilbake som viktig aktør i klimaarbeidet

BONN (NRK): – Eg håpar og trur at USA snart er tilbake som ein viktig aktør i det internasjonale klimaarbeidet. Og det er heilt nødvendig, seier Barack Obama sin klimautsending, Todd Stern.

Todd Stern

Todd Stern er optimist. – USA kjem tilbake, meiner han.

Foto: Eivind Molde / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

USA har vore på plass under klimatoppmøtet i Bonn med sin eigen delegasjon, på lik linje med dei andre nær 200 landa her. Dei har delteke i forhandlingane, men har ikkje markert på same måte som før med ein eigen, stor amerikansk paviljong.

Men USA har sendt det dei kallar ein «folkets delegasjon» til Bonn, heilt utanom det offisielle programmet. Store telt utanfor konferansesenteret har vore ein viktig møtestad for amerikanarane. Fleire senatorar har vore her, det har også mange andre politikarar, næringslivsfolk og folk frå ulike organisasjonar. Saman har dei representert ei rekkje byar og delstatar i USA. «Vi er framleis med», er slagordet her.

Taylor Mayes

Studenten Taylor Mayes frå Connecticut seier mange i USA er meir engasjerte i klimaspørsmål no enn då Obama styrte landet.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Ny driv i klimaarbeidet

Inne i det eine teltet møter vi studenten Taylor Mayes frå Connecticut. Ho er blant dei som meiner klimaarbeidet har fått ny glød etter at president Donald Trump varsla at han vil trekkje USA frå Parisavtalen.

– Dersom vi overser det negative, har dette utan tvil spora mange til handling, faktisk meir enn då Obama var president. No ser vi meir tydeleg problema her i landet, og vi ser kven som støttar Trump, og dermed ser vi tydelegare på kva felt det er nødvendig å gjere å gjere ein innsats, seier ho.

I eitt av telta står han som var USA sin klimautsending i over sju år – det var Todd Stern som leia delegasjonane då Barack Obama styrte. No har han ingen formell rolle, men han gler seg over engasjementet over heile USA.

Todd Stern på COP23

Mange møter opp for å lytte til Todd Stern, som leia dei amerikanske delegasjonane til klimatoppmøta då Barack Obama var president.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Mindre truverdig

– Fleire hundre ordførarar, nær 20 statar og fleire titals byar har stilt seg bak kampanjen som vil vise at USA framleis er med. Det svarar til nær 40 prosent av innbyggjarane i landet. Det er utruleg bra, seier Stern.

– I kva grad er USA mindre truverdig i klimaspørsmål no?

– USA var ein sentral medspelar i klimaarbeidet i dei åra Obama styrte, fram til etter at Parisavtalen var i hamn. Når USA vil trekkje seg ut av avtalen, misser vi utan tvil truverd, men eg håpar verkeleg dagen kjem at vi får tilbake det truverdet vi har mista.

U.S. Climate Action Climate Action Center

I desse telta held «folkets delegasjon» til.

Foto: Eivind Molde / NRK

– USA kjem tilbake

– Eg trur bestemt USA vi komme tilbake. På lang sikt er det viktig, og eg håpar det skjer snart, at USA kjem tilbake med full tyngde.

– Er USA sin styrke nødvendig?

– Ja, heilt klart. Det viser i alle fall mi erfaring frå sju år i det amerikanske utanriksdepartementet.

– Kven kan fylle USA sine sko inntil vidare?

– Det trur eg ingen kan. Andre må gjere det på sin måte, mange land gjer ein stor innsats. Det må dei halde fram med, men det er ikkje slik at nokon berre kan hoppe inn i skorne våre, det er ikkje slik det fungerer.

– Kva med Kina?

– Kina er viktig. Det har dei vore, det er dei, og det vil dei framleis vere. Men heller ikkje dei kan ta over USAs rolle. Men eg trur som sagt at USA kjem tilbake!

SISTE NYTT

Siste nytt