Hopp til innhold

Woodward offentleggjer lydopptak – seier Trump er «ein fare utan sidestykke»

Over åtte timar med samtalar mellom USAs tidlegare president Donald Trump og journalisten Bob Woodward blir neste veke gitt ut som lydbok.

The Trump Tapes, bokomslag.

LYDBOK: Journalisten Bob Woodwards samtaler med Donald Trump blir neste veke gitt ut som lydbok.

Foto: Forlaget Simon & Schuster

I boka «The Trump Tapes» gjengir Woodward 20 intervju med Trump frå perioden 2016 til 2020. Woodward seier at han offentleggjer råopptaka for å gi folk høve til å høyre Trumps eigne ord og gjere eigne vurderingar.

Woodward åtvara i boka si «Rage» frå 2020 om at «Trump er feil mann for jobben» (som president).

I den nye boka skriv han at han ikkje gjekk langt nok, og beskriv no Trump som «ein fare utan sidestykke».

– Øydelegg demokratiet

Woodward skriv ifølgje CNN at «historia viser at han har leidd, og held fram med å leie, ein opprørande konspirasjon for å gjere om 2020-valet, noko som i realiteten er eit forsøk på å øydeleggje demokratiet».

Les meir Bob Woodward med Trump-bok: «Rage» (Raseri)

President Donald Trump

Forlaget Simon & Schuster Audio opplyser at «The Trump Tapes» blir gitt ut 25. oktober.

Woodward og Washington Post-kollega Robert Costa intervjua Trump i 2016 då Trump kjempa om å bli nominert som presidentkandidaten til republikanarane.

Woodward intervjua deretter Trump 19 gonger i 2019 og 2020 medan Trump var president. Samtalane vart delvis gjengitte i bestseljaren «Rage».

No offentleggjer han sjølve lydopptaka.

– Eg gjer noko her som eg aldri har gjort før, ved å presentere dei lange råintervjua frå arbeidet mitt. Eg ønskte av omsyn til historia å få med så mykje som mogleg av Trump si stemme, hans eigne ord, slik at folk kan høyre og gjere sine eigne vurderingar, forklarer Woodward i forordet til lydboka.

Skrytte av hemmelege våpen

Tidlegare førstedame Melania Trump, sonen Donald Trump jr. og visepresident Mike Pence er blant fleire som kom forbi medan Woodward og presidenten snakka saman.

Lydboka inkluderer også Woodwards samtalar med Trumps svigerson Jared Kushner og Trumps nasjonale tryggingsrådgivar Robert O'Brien.

Blant temaa i samtalane med Trump fekk Woodward høyre presidenten sine vurderingar av den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un og Russlands president Vladimir Putin.

Han viser også til at Trump viste han hemmelegstempla dokument og skrytte av USAs hemmelege våpensystem.

Les meir Woodward: – Nokre journalistar mobbar Trump

Bob Woodward

.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.