Hopp til innhold

Trump ikkje åleine om å slite med media

Donald Trump er ikkje den første amerikanske presidenten som slit med forholdet til media. Blant andre Thomas Jefferson, Richard Nixon og Bill Clinton sleit til tider med forholdet til «den fjerde statsmakt».

Richard Nixon

Richard Nixon kom tidleg på kant med pressa. Her refsar han journalistane på ein pressekonferanse etter eit valnederlag i California i 1962.

Foto: AP

Thomas Jefferson kalla så langt tilbake som i 1807 at avisene var «skitne vogner» av l

Historieprofessor Douglas Brinkley.

– Det har aldri tidlegare vore ein slik heilag krig mot media, seier historieprofessor Douglas Brinkley.

Foto: Don Emmert / AFP

øgn og feil. Richard Nixon vikla seg inn i ein strid med journalistar i samband med Watergate-skandalen, medan Bill Clinton brukte uttrykket «leverandør av hat og splid» om media då det storma som verst rundt han.

Likevel seier historikaren Douglas Brinkley ved Rice University at dette likevel ikkje var like ille som det Trump har sett i gang.

– Holistisk heilag krig

– Det har aldri tidlegare vore ein slik holistisk heilag krig mot nyheitsmedia som det Trump har sett i gang. Trump har ei klar målsetting om å banke og slakte media kvar gong han kjenner seg pressa, og det er unikt, seier han til nyheitsbyrået AP.

Laster Twitter-innhold

Brinkley beit seg også merke til frå den 77 minutt lange pressekonferansen at Trump sa at han ynskte eit litt betre forhold til media, om det er mogleg.

– Det er ikkje sikkert det er mogleg, og det er også OK, la han til.

På pressekonferansen sin torsdag kveld kom han stadig vekk med stikk til media ved å snakke om «falske nyheiter» og «uærlege journalistar». Han refsa både heile mediehus og enkeltpersonar for å vere «skammelege», «utan tillit», «ein vits», og han klaga på usakleg og hatefull dekning av seg sjølv.

Donald Trump.

På ein pressekonferanse torsdag kveld heldt Donald Trump fram angrepa på media.

Foto: Nicholas Kamm / AFP

Trump sa også at han er fast bestemt på å spreie bodskapen sin direkte til folket, fordi pressa «ærleg talt er heilt ute nav kontroll» og at «nivået på uærlegdomen er heilt ute av kontroll».

– King Kong og mygg

Douglas Brinkley seier dette om forholdet Trump har til pressa.

– Han prøver å vise at han er King Kong og media er små mygg. Og dette går rett heim hos ein del av innbyggjarane i USA, seier han.

Historikar ved Princeton-universitetet Julian Zelizer seier at mykje tyder på at Trump brukte pressekonferansen i går for å ta fokus bort frå problem i eigne rekkjer.

– Det er ein del teikn på at Det republikanske partiet byrjar å bli lei av dette, seier han.

Zelizer seier at alle presidentar har hatt sine feidar med media, men at «omfanget av dette er heilt ulikt noko av det vi har sett tidlegare».

Han seier at det som kjem nærmast, truleg er Richard Nixon rundt tida då Watergate-skandalen vart avslørt. Det var då ein stadig hardare pressa president møtte pressa og sa: – Eg er ingen skurk, var hans klare melding til det amerikanske folk og verda.

USAs tidlegare president Bill Clinton.

Også Bill Clinton hadde sitt å stri med i forholdet til media.

Foto: Larry Downing / Reuters
Presidentar på Mount Rushmore.

Eit knippe gamle presidentar på Mount Rushmore i delstaten Sør-Dakota. Thomas Jefferson (nr. to frå v.) sleit også med forholdet til media.

Foto: AP

Professor om Trump: Unik på den verst tenkelige måten

Flere faktafeil i Trumps pressekonferanse

Jefferson og avisene

Thomas Jefferson var i 1787 ein varm talsmann for den frie pressa.

– Dersom eg fekk valet mellom ei regjering utan aviser, eller aviser utan ei regjering, så ville eg valt det siste, sa han då.

Men i 1807 hadde han fått eit anna syn.

– Det er ikkje mogleg å tru på det som står i ei avis. Sanninga sjølv blir mistenkjeleg når ho blir presentert der, skreiv han i eit brev.

SISTE NYTT

Siste nytt