På videoopptaket ser det ut til at gislane er uskadde og i bra form, melder nyheitsbyrået Reuters. Dei tre gislane ber om at fangar blir sette fri frå afghanske fengsel, og frå den amerikanske militærbasen på Guantanamo på Cuba.
Dei tre arbeider for FN i Afghanistan. Det er Shqipe
Hebibi frå Kosovo, Angelito Nayan frå Filippinane og britisk-irske Annetta Flanigan. Dei har vore med på å organisere presidentvalet i Afghanistan.
Dei tre gislane vart viste fram på Al Jazeera i dag. (Foto: Al Jazeera)
Gruppa som har bortført dei tre, ei irsk-britisk kvinne, ein filippinsk mann og ei kvinne frå Kosovo, seier dei vil drepe gislane dersom ikkje landa dei kjem frå vil trekkje soldatane sine ut av Afghanistan, og fordømmer invasjonen av landet innan tre døgn.
Kosovo er eit FN-protektorat utan eigen hær, og det er uklart kva som ligg bak påstanden frå gisseltakarane om at dei har soldatar i Afghanistan.
Fjernsynsstasjonen Al Jazeera, som har sitt hovudkontor i Qatar, blir også brukt av Osama bin Laden når han har ein bodskap til verda. Seinast fredagskvelden sende kanalen eit 18 minutt langt innslag der bin Laden i kjend stil trua USA og andre nasjonar med meir terror.
Mykje tyder på at Osama bin Laden oppheld seg i Afghanistan. Ei kuwaitisk avis skreiv i går at han oppheld seg hos ein stamme eit stykke utanfor hovudstaden Kabul. Også hans nestkommanderande, egyptaren al-Zawahiri, skal ha tilhaldsstad i landet, skreiv avisa.
Også Taliban-leiaren mulla Omar skal opphalde seg i Afghanistan, etter det avisa sine kjelder har fortalt.